Platevibrator, også kalt platekompaktor eller «hoppetusse», er ei maskin med ei vibrerande plate, driven av ein motor, som vert nytta for å pakka saman grus i samband med byggearbeid eller vegarbeid. Maskinane er som oftast små, slik at dei er lette å koma til med der større maskinar, som vegvalsar, ikkje kan nyttast. Operatøren går attom maskina og styrer med eit styre.

Wacker Neuson 6055 platevibrator.