Plavac mali
Plavac mali (kroatisk plav, 'blå' og mali, 'liten') er ei raudvinsdrue som vert dyrka langs Dalmatiakysten i Kroatia. Drua er ei kryssing av dei gamle druene zinfandel og dobričić. Plavac mali er kjend for å produsera vinar som er rike på smak og sterke på både alkohol og garvesyre. Kroatiske vinar av denne drua er blant anna den raude Dingač og Postup (begge frå Pelješac-halvøya), Ivan Dolac og Sveta Nedilja (Hvar-øya), Bolski plavac (Brač-øya) og rosa Opolo.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Plavac Mali» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2009.