Brač (latin Bretia, Brattia) er ei øy i Adriahavet som høyrer til Kroatia med eit areal på 396 km², og er med det den tredje største øya i Adriahavet og den største i Dalmatia. Den høgaste fjelltoppen, Vidova Gora, er på 778 m, og det høgaste punktet på ei øy i Adriahavet.

Brač
Hamna i Supetar
Hamna i Supetar
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43°19′N 16°38′E

Areal 396 km²

Høgaste punkt Vidova Gora (778 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia
Største busetnad Supetar (3 415 innb.)

Demografi
Folketal 13 825 (2021[1])

Administrativt er øya ein del av Split-Dalmatia fylke og er delt på bykommunen Supetar og landkommunane Bol, Milna, Nerežišća, Postira, Pučišća, Selca og Sutivan.[2][3]

Øya har eit folketal på kring 14 000, som bur i fleire små landsbyar. Den største landsbyen er Supetar, med 3 415 innbyggjarar (2021).[1]

Andre landsbyar på øya er Bol, Škrip (den eldste landsbyen frå førromersk tid), Pučišća, Splitska, Postira, Nerežišće, Donji Humac, Milna, Mirca, Gornji Humac, Dol, Sutivan, Sumartin, Praznica, Murvica, Povlja, Dračevica, Ložišća og mange fleire.

Hovudnæringane på Brač er stort sett basert på turisme, men òg fiske og jordbruk (særleg vin og oliven). I tillegg finst det verdifull kvit stein på øya, som vart brukt til å byggje Diocletianus palass i Split og Det kvite huset i Washington, D.C.. Historisk er Brač kjend for geitene sine, og sjølv Plinius den eldre skriv om den strålande osten, vinen og olivenolja som kom frå øya.

Historie

endre

Arkeologiske utgravingar har vist at det har vore menneske på øya sidan paleolitisk tid. I bronse- og jernalderen slo illyriske stammer seg ned på øya, og talrike landsbyar har eksistert sidan den gong, sjølv om ikkje alle finst i dag.

På 300-talet fvt. koloniserte grekarane mange av dei adriatiske øyane, men aldri Brač. Grekarane vitja derimot øya og handla med dei illyriske stammene. I år 9 erobra romarane omsider Dalmatia etter lange kampar med lokale stammer. Salona vart hovudstad i den nye provinsen, og sidan øya ligg nær Salona vart det ikkje grunnlagd større landsbyar på øya. Splitska vart den viktigaste hamna på øya, og frå her frakta ein stein til Salona og heile Dalmatia. Diocletianus palass, som Split seinare vart bygd rundt, vart bygd i denne perioden med stein frå øya.

I mellomalderen vart øya ein del av Kroatia og kongen Tomislav. Då makta til Kroatia vart svakare og kom inn under Ungarn på 1100-talet, klarte Brač å halde seg sjølvstendig i nesten 200 år. Frå 1268 til 1357 var øya ein del av Republikken Venezia, før ho kom inn under Ungarn. Sommaren 1390 vart øya og heile regionen ein del av den bosniske kongen Stefan Tvrtko I Kotromanić sitt rike, som døydde året etter. Like etter vart øya ein del av Ungarn igjen. Gjennom heile denne perioden heldt øya på sitt sjølvstyre og gamle strukturar, og øya var aldri rik eller strategisk viktig nok til andre blanda seg inn i styret. Først i 1420 kravde Republikken Venezia øya igjen, og sendte til slutt nokon til å styre over øya.

Venezia styrte over øya i meir enn fire hundreår, fram til 1797. Då Bosnia fall inn under Det ottomanske riket, flykta mange til øyane i Adriahavet, og særleg til Brač. Mange landsbyar vart grunnlagd, og folkesetnaden flytta frå dei indre områda til kysten.

Under Napoleonkrigane var makta til Venezia styrta og Brač kom ei kort stund inn under Frankrike. I 1807 klarte Petar I Njegoš av Montenegro å erobre Brač og Korčula med hjelp av den russiske marinen. Ved Wienkongressen i 1814 vart øya gjeve til Keisardømet Austerrike. Brač vart ein del av den austerrikske kronjorda Dalmatia frå 1815 og frå 1867 ein del av Transleithania i monarkiet Austerrike-Ungarn. Etter Austerrike-Ungarns fall i 1918 vart Brač ein del av Kongedømet Jugoslavia.

Folkesetnaden minka drastisk på byrjinga av 1900-talet, då mange emigrerte til Sør-Amerika, New Zealand og Australia.

I 1941 okkuperte Italia øya. I fjellområda på øya kjempa innfødde opprørarar effektiv geriljakrig mot okkupantane, som svarte med arrestasjonar og avrettingar. Etter at Italia kapitulerte i 1943, okkuperte tyske troppar øya i juni 1944, men i juli var dei nedkjempa og øya frigjort. Som ein del av Kroatia vart ho ein del av Jugoslavia fram til Kroatia erklærte sjølvstende i 1991. Det var lite kamphandlingar på øya under Kroatia-krigen, men det var korte bombetokt av Milna. Etterverknadane av krigen, og særleg tapet av turisme, var derimot katastrofal for øya, og berre dei siste åra har øya igjen byrja å kome seg etter at turismen igjen har teke seg opp.

 
Sørsida av Brač

Folketal

endre

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001[4] Folketal 2011[5] Folketal 2021[1]
Supetar kommune 3 889 4 074 4 325
Bol kommune 1 661 1 630 1 678
Milna kommune 1 100 1 034 931
Nerežišća kommune 868 862 878
Postira kommune 1 553 1 559 1 538
Pučišća kommune 2 224 2 171 1 926
Selca kommune 1 977 1 804 1 613
Sutivan kommune 759 822 936
Øya Brač 14 031 13 956 13 825

Dei største tettstadene på øya var:

Kommune Folketal 2001[4] Folketal 2011[5] Folketal 2021[1]
Supetar Supetar 3 016 3 213 3 415
Bol Bol 1 647 1 609 1 656
Postira Postira 1 375 1 429 1 431
Pučišća Pučišća 1 602 1 529 1 341
Sutivan Sutivan 759 822 936
Milna Milna 862 830 775
Selca Selca 952 846 692
Nerežišća Nerežišća 606 616 642
Sumartin Selca 482 474 477
Mirca Supetar 306 321 401

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Brač» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2007.
  • Prirodne osnove otoka Brača, Bračni zbornik, vol. 14, Ivo Marinković, ed., SIZ za kulturu općine Brač, Supetar, 1984
  • Povijest otoka Brača, Dasen Vrsalovic, Publisher: Skupština općine Brač, Savjet za prosvjetu i kulturu, Supetar, 1968, OCLC: 8993839

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. 
  2. «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025.  Offisiell omsetjing
  3. «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia. Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025. 
  4. 4,0 4,1 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025. 
  5. 5,0 5,1 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025. 

Bakgrunnsstoff

endre