Opna hovudmenyen
Lyden av plystring
Ann Rutherford, Red Skelton og Diana Lewis plystrar i den amerikanske krimkomedien Whistling in Dixie frå 1942.
Ulike metodar for å plystra med fingrane (Le Monde illustré, 1893)

Plystring (frå norrønt blístra) er det å laga ein fløytande lyd med munnen. Ein plystrar ved å blåsa ein luftstraum som kan tilpassast av leppene, tunga, tennene og fingrane. Munnhola fungerer som resonanskammer til å forsterka lyden.

Ein kan også laga liknande lydar ved hjelp av hendene (handfløyte), grasstrå eller instrument, som dommarfløyte eller båtmannspipe. Fleire dyr lagar også plystreaktige lydar.

BrukEndra

Folk kan plystra for å få merksemd, kommunisera eller laga musikk. Fleire stader i verda finst det plystrespråk, der ulike plystra lydar har tyding.

Jazzmusikaren Toots Thielemans kunne til dømes plystra eit overlegg på ein gitarsolo, medan Roger Whittaker plystra solomelodiar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Plystring