Pogradec er ein by og ein kommune i regionen Korçë i Albania. Kommunen ligg ved Ohridsjøen aust i landet og grensar i vest til regionen Elbasan, i aust til nabolandet Nord-Makedonia.

Pogradec
Utsyn over Pogradec ved Ohridsjøen
Utsyn over Pogradec ved Ohridsjøen
Utsyn over Pogradec ved Ohridsjøen
Byvåpenet til Pogradec
Byvåpenet til Pogradec
Styresmakter
Land
Region
Albania
Korçë
Geografi
Flatevidd
 - By

585 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

61 530
Koordinatar 40°54′0″N 20°39′0″E / 40.90000°N 20.65000°E / 40.90000; 20.65000
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Plassering
Pogradec kommune innafor regionen Korçë
Pogradec kommune innafor regionen Korçë
Pogradec kommune innafor regionen Korçë

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Pogradec vart slått saman med landkommunane Udënisht, Buçimas, Çërravë, Dardhas, Trebinjë, Proptisht og Velçan.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Pogradec.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 20 848 innbyggjarar, medan dei åtte kommunane som i dag utgjer storkommunen Pogradec, til saman hadde 61 530 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling endre

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Pogradec, som var samanfallande med den noverande kommunen.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Pogradec.[2]

Referansar endre