Opna hovudmenyen
Point Me at the Sky
Singel av Pink Floyd
B-side «Careful with That Axe, Eugene»
Utgjeve 17. desember 1968
Innspelt 4. november 1968
Sjanger
Lengd 3:35
Selskap Columbia (EMI) (Storbritannia)
Capitol Records (Canada)
Låtskrivar(ar)
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi
«Let There Be More Light»
(1968)
Point Me at the Sky «The Nile Song»
(1969)


«Point Me at the Sky» er den femte britiske singelen til det britiske bandet Pink Floyd, gjeven ut 17. desember 1968.[1][2] Songen var ein av første gongane bassisten Roger Waters og gitaristen David Gilmour skreiv ein song i lag.[3] Singelen kom ikkje ut i USA. Han vart derimot gjeven ut av Capitol Records i Canada, samt Japan og fleire land i Europa. Versa vert sungen av Gilmour, medan mellomspelet vart sungen av både Gilmour og Waters.

«Point Me at the Sky» har sidan vorte ein av dei mest obskure av alle dei offisielle utgjevingane til Pink Floyd. Han kom ikkje med på nokre av samlealbuma før The Early Singles, ei bonusplate i samleboksen Shine On frå 1992. Første gongen songen vart gjeven ut for eit breiare publikum var i 2016 då han var med i plateboksen The Early Years 1965–1972 og den tilhøyrande samleplata Cre/ation: The Early Years 1967–1972.[4]

Sidan det aldri var meininga at songen skulle gjevast ut på album vart innspelinga berre miksa i mono. Lydkvaliteten på monomiksen er heller uklår, og på grunn av dette er det stundom vanskeleg å fange teksten. Musikalsk startar songen roleg og vert så eit tungt psykedelisk stykke, stundom ganske lik «The Nile Song», som var den neste singelen til bandet i Storbritannia.

Singelen nådde ikkje listene. B-sida til singelen, «Careful with That Axe, Eugene», vart langt meir populær, og vart seinare gjeven ut på to samlealbum og ofte spelt på konsertane deira tidleg i 1970-åra.

Ein anna framføring av «Point Me at the Sky» vart spelt inn og send på BBC seint i 1968, men denne er aldri offisielt gjeven ut på plate. Gruppa laga ein promovideo til songen, der dei har på seg vernebriller og pilotklede ved sidan av fly frå 1920-åra.

Songen vart spelt av Nick Mason's Saucerful of Secrets i 2018 og 2019.[5]

MedverkandeEndra

Andre versjonarEndra

Bandet Acid Casualties med gitarist Robbie Krieger frå The Doors spelte inn songen og gav han ut på det einaste albumet deira, Panic Station i 1982.

KjelderEndra

  1. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5. 
  2. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X. 
  3. Harvest Records. «Label credit on single». Henta 13. juni 2019. 
  4. Grow, Kory (28. juli 2016). «Pink Floyd Detail Massive 27-Disc 'Early Years' Box Set». Rolling Stone. Henta 13. juni 2019. 
  5. https://www.setlist.fm/setlist/nick-mason/2018/the-half-moon-london-england-3bed3048.html