Robby Krieger

amerikansk gitarist
(Omdirigert frå Robbie Krieger)

Robert Alan «Robby» Krieger (fødd 8. januar 1946) er ein amerikansk rockegitarist og låtskrivar. Han var gitarist i The Doors, og skreiv somme av dei mest kjende songane til bandet, som «Light My Fire», «Love Me Two Times», «Touch Me» og «Love Her Madly». Han var med i bandet frå danninga til gruppa i 1965 til oppløysinga i 1973, to år etter vokalisten Jim Morrison døydde.

Robby Krieger

Krieger performing live in London in June 2007
Fødd8. januar 1946
Los Angeles i California, USA
FødestadLos Angeles
FødenamnRobert Alan Krieger
OpphavUSA
Aktiv1965 til i dag
SjangerPsykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock
InstrumentGitar, vokal, munnspel
Kjende instrumentGibson SG
Tilknytte artistarThe Psychedelic Rangers, The Doors, The Butts Band, Manzarek-Krieger
PlateselskapElektra
Verka somMusikar, låtskrivar

Han vart av Rolling Stone kåra til den 91. beste gitaristen gjennom tidene.[1]

Krieger har dei seinare åra turnert med gruppa Riders on the Storm saman med The Doors-kollega Ray Manzarek og The Cult-vokalist Ian Astbury. Gruppa spela på Rockefeller i Oslo 7. januar 2007.

Diskografi endre

The Doors endre

For meir om dette emnet, sjå The Doors#Diskografi.

Solo endre

The Butts Band endre

Kjelder endre

  1. «The 100 Greatest Gitarists of All Time». Rolling Stone. 23. august 2003. Arkivert frå originalen 14. mars 2008. Henta 17. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Robby Krieger