Poitou-Charentes
Poitou-Charentes | |
![]() | |
Fakta | |
Hovudstad | Poitiers |
Regionspresident | Jean-François Macaire |
Flatevidd | 25 810 km² |
Folketal | 1 713 000 (2006) Rangering 15 |
Folketettleik | 64 innb./km² |
Arrondissement | 14 |
Kantonar | 157 |
Kommunar | 1 464 |
Geografi | |
![]() |
Poitou-Charentes er ein region vest i Frankrike. Han blei skapt av Vichy-regimet under den andre verdskrigen. Til forskjell frå mange andre regionar i landet har han ei kort historie og lite regionalt særpreg. Vil ein ha dette må ein sjå på dei eldre regionane han slo saman; Poitou, Angoumois, Saintonge og Aunis. I dag består regionen av departementa Charente, Charente-Maritime, Deux-Sèvres og Vienne.
Poitiers blei vald til regionshovudstad framfor dei jamstore byane La Rochelle og Angoulême fordi han hadde eit universitet.