Polessk

by i Russland

Polessk (russisk Поле́сск, tysk Labiau, polsk Labiawa, litauisk Labguva) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 8000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Dejma, rundt 40 km nordaust for Kaliningrad.

Polessk
Полесск
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Polessk is located in Russland
Polessk is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1258
1946
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

7 634
Koordinatar 54°52′00″N 21°06′00″E / 54.86667°N 21.10000°E / 54.86667; 21.10000
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 40158

Den tyske riddarordenen bygde ei borg her og gav ho namnet Labiau. Han vart ein del av Hertugdømet Preussen. Labiauavtalen mellom Brandenburg og Sverige vart underskriven her 20. november 1656.

Etter den andre verdskrigen vart byen annektert av Sovjetunionen og den tyske folkesetnaden vart utvist. I 1946 vart bynamnet endra til Polessk.

Polesskkanalen starta i byen og går mot nordaust.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.