Poliçan er ein by og ein kommune i regionen Berat i Albania. Kommunen ligg sentralt i den sørlege delen av landet og grensar i sør til regionen Gjirokastër.

Poliçan
Frå sentrum i Poliçan
Frå sentrum i Poliçan
Frå sentrum i Poliçan
Byvåpenet til Poliçan
Byvåpenet til Poliçan
Styresmakter
Land
Region
Albania
Berat
Geografi
Flatevidd 272,02 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

10 953[1]
Koordinatar 40°36′44″N 20°5′53″E / 40.61222°N 20.09806°E / 40.61222; 20.09806
Høgd over havet 256 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Poliçan vart slått saman med landkommunane Tërpan og Vërtop.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Poliçan.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Poliçan 4 318 innbyggjarar, medan dei tre kommunane som i dag utgjer storkommunen Poliçan, til saman hadde 10 953 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

endre

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Poliçan ein del av distriktet Skrapar, medan landkommunane Tërpan og Vërtop høyrde til distriktet Berat.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Poliçan.[2]

Referansar

endre