Polist (russisk По́листь) er ei elv i Pskov oblast og Novgorod oblast i Russland og ei av sideelvane til Lovat frå venstre. Elva er 176 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 630 km². Elva har ei middelvassføring på 22 m³/s.

Polist
elv
Polist reka.JPG
Polist i Staraja Russa
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 3 630 km²
Lengd 176 km
Middelvassføring 22 /s
Kjelde Polisto
Munning Lovat

Polist
58°6′28″ N 31°31′14″ E
Wikimedia Commons: Polist River

Elva spring ut frå innsjøen Polisto i Pskov oblast. Ho renn nordaustover og munnar ut i Lovat berre 15 km før Lovat sjølv munnar ut i Ilmen. Den historiske byen Staraja Russa ligg ved Polist. Elva er farbar for båtar nedanfor Staraja Russa.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Polist