Politisk Alternativ Hordaland
Politisk Alternativ Hordaland var ei liste som stilte til val i Hordaland ved stortingsvalet 1993. Toppkandidat var Ivar Garberg, som dreiv valkamp gjennom nærradiostasjonen sin, Radio Bergen. På denne radiostasjonen hadde Garberg lenge markert seg som ein ukonvensjonell programleiar, som kom med harde utfall mot mellom anna etablerte politikarar og gjeldande innvandringspolitikk. Lista fekk 3 271 røyster, eller 1,4 % av røystene i Hordaland, og vart dermed ikkje representert på Stortinget.
Politisk Alternativ Hordaland | |||
Grunnlagt | 1993 |
---|
Politisk Alternativ Hordaland meinte at noko var grunnleggjande gale i det norske samfunnet, og ønskte «eit oppgjer med heile det politiske systemet». Nokre av dei viktigaste kampsakene var å styrkja kjernefamilien, å endra Folketrygda til ei forsikringsordning, å nekta utanlandske statsborgarar trygdeytingar, å stengja grensene for asylsøkjarar og å auka bruken av toskiftordningar i arbeidslivet.[1]
I valkampen fekk ikkje Politisk Alternativ Hordaland delta i skuledebatten ved Laksevåg Gymnas, på grunn av det skulen meinte var tvilsame haldningar til rasisme.[2]
Før valet gjekk fire av dei som hadde delteke i arbeidet med å skipa vallista, ut i Bergens Tidende og oppmoda folk til å ikkje røysta på lista. Dei meinte at Garberg hadde lurt dei med i eit prosjekt som til sjuande og sist berre vart hans personlege prosjekt. Han hadde mellom anna gått imot fleire forslag om å formalisera samarbeidet og laga ein organisasjon. Garberg hadde òg meldt nokre av desse personane til politiet for å ha forfalska møtereferat.[3]