Ivar Garberg (8. oktober 193719. mai 2016)[1] var ein norsk sjøkaptein og nærradioredaktør. Garberg vaks opp i innlandskommunen Folldal kommune i Hedmark, men busette seg seinare i Bergen.

Ivar Garberg
Fødd 8. oktober 1937
Død

19. mai 2016

Yrke politikar

Bakgrunn og tidleg karriereEndra

Ivar Garberg var son av krigsseglaren og sabotøren Simon Sinclair Fjeld og Ella Garberg Ekre, ein mangeårig lokalpolitikar i Eidsvoll. Garberg var 15 år gamal då han reiste til sjøs for fyrste gongen. Mor hans, som var enka, hadde ikkje råd til å halda han på realskolen meir enn eitt år. I skipsfarten gjekk han gradene og vart styrmann og seinare skipskaptein med dei høgste sertifikata - ofte på omkverve som gav han ein sjeldan spesialkompetanse. Då han seinare gjekk i land, var han ei stund lærar samstundes som han kasta seg over universitetsstudium i statistikk, målingslæra og ålmenn og pedagogisk psykologi. I 1960- og 1970-åra var han prosjektleiar for ei rad offentlege samferdsletiltak.

Ivar Garberg var i 1980-åra sterkt i mediabiletet som omstridd teknisk rådgjevar for Regjeringa, Stortinget og Kielland-fondet i samband med snuinga av katastrofe-plattforma Alexander L. Kielland.[2]

Radio BergenEndra

Garberg var ein av dei fyrste i landet som skipa privat nærradio, Radio Bergen, då staten opna for slike radiostasjonar på byrjinga av 1980-talet. På denne radiostasjonen markerte Garberg seg som ein ukonvensjonell programleiar, som særleg blei kjend for sine kraftige åtak på norske politikarar, norsk innvandringspolitikk og islam. Best kjent var radioprogrammet «Ytringsfrihet» der både vener og fiendar fekk sleppa til med sitt syn.

Garberg var ein av dei fyrste som gjekk ut offentleg med kritikk av muslimske miljø i Noreg.[treng kjelde] Garberg var ein profilert israelven, og laga fleire radioprogram om samrøret mellom stormuftien av Jerusalem, Haj Amin Al-Husseini, og Nazi-Tyskland under andre verdskrigen. [3]

I 1990 vart Radio Bergen og Garberg meld til politiet meir enn 30 gonger på grunnlag av skuldingar om rasistisk hets, mellom anna av Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS). SOS Rasisme i Bergen kravde i eit ope brev til Bergen Politikammer at påtalemakti tok i bruk straffelova sin «rasismeparagraf» mot Garberg.[4] Alle dei politimelde sakene vart lagde bort av statsadvokaten og riksadvokaten som «intet straffbart forhold».[5]

Politisk engasjementEndra

Garberg var med Arbeidarpartiet i 28 år, men braut med partiet i 1980 som ein etterverknad av EF-striden. Som EF-motstandar kjende han seg frosen ut or partiet. I 1993 stilte Garberg til stortingsvalet med lista Politisk Alternativ Hordaland der han sjølv var toppkandidat. Valkampen dreiv han gjennom nærradiostasjonen sin. Seinare engasjerte han seg i FrP, eit parti han sjølv omtala som det einaste konsekvent anti-rasistiske partiet i landet.

MobilselskapetEndra

I 2005 stifta Garberg i lag med matmillionæren Einar Nistad selskapet Mobilsurf AS. Aksjekapitalen var på ein halv million kroner. Garberg vart dagleg leiar, Nistad styreformann, og båe tok kvar sin son med seg inn i styret. Den internasjonale delen vart administrert frå Estland. Ifølge Garberg vart programvaren utvikla i samarbeid med Microsoft medan han framleis holdt på med Radio Bergen. Programvaren gjorde det mogeleg å surfe på nett frå ein vanleg mobiltelefon. [6]

ReferansarEndra

  1. Olav Sundvor (24. mai 2016). «Garberg er død». Bergensavisen. Henta 24. mai 2016. 
  2. Navn i nyhetene: Ivar Garberg. NTBtekst 24.07.1990
  3. https://www.timesofisrael.com/full-official-record-what-the-mufti-said-to-hitler/
  4. SOS Rasisme vil stoppe radio-redaktør. NTBtekst 16.07.1990
  5. Riksadvokaten henlegger Garberg-saken. NTBtekst 28.09.1990
  6. "Garberg online", Bergensavisen, 19. september 2006

BakgrunnsstoffEndra