Polje er eit slovensk ord for ei lukka senking i eit karstlandskap. Senkinga er ei stor, flat slette og storleiken kan variere frå 5 til 400 km².

Livanjsko Polje i Bosnia er den største poljen i verda. Fjellet Dinara er synleg i bakgrunnen.

Den flate botnen av ein polje kan bestå av berr kalkstein, hardføre bergartar eller jord. I poljer finn ein ofte estaveller, slukhol og elvar som forsvinn ned i bakken.

Kjelder endre

  • «Polje». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 17. november 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Polje