Poltva
(Omdirigert frå Poltva-elva)
49°57′37″N 24°36′28″E / 49.9603°N 24.6077°E
Poltva (ukrainsk og russisk Полтва, polsk Pełtew) er ei elv vest i Lviv oblast i Ukraina og ei sideelv til Vestre Bug. Byen Lviv ligg ved elva, som er gjort underjordisk i byen. Ho renn like under hovudgata i byen, Prospekt Svobody, og Lviv opera- og balletteater.[1]
Historisk har elva hatt store problem med ureining.[2] Som følgje blei ho dekt til og gjort del av underjordisk avløypssystem i Lviv frå 1839.[3] Under andre verdskrigen blei den underjordiske elva nytta som gøymestad for jødar som flykta frå nazistane.[4]
Kjelder
endre- ↑ Struk, Danylo Husar (1993). Encyclopedia of Ukraine. University of Toronto Press. s. 218. ISBN 9780802033628.
- ↑ Nałęcz, Tomasz (7 April 2012). Transboundary Aquifers in the Eastern Borders of The European Union: Regional Cooperation for Effective Management of Water Resources. Springer Science & Business Media. s. 67. ISBN 978-94-007-3948-2.
- ↑ Voloshchuk, Mykhaĭlo; Minosi︠a︡n, Maksym (1993). Lʹviv: The Undiscovered Jewel : a Comprehensive Guide for the Tourist. Kamenyar. s. 27. ISBN 978-5-7745-0578-4.
- ↑ «The Haunted History of Ukraine's Underground River».
- Delar av denne artikkelen bygger på «Poltva» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Pełtew (1886)