Lviv oblast
Львівська область, Lvivska oblast
oblast
Flagg
våpen
Kallenamn: ukrainsk Львівщина (Lvivsjtsjyna)
Land  Ukraina
Rajon 20
Byrajon 9
Byar 78
Landsbyar 1849
Hovudstad Lviv
Areal 21 833 km²
Folketal 2 552 900  (2009[1])
Folketettleik 117 / km²
Guvernør Mykhailo Kostiuk
ISO 3166-2 kode UA-46-
Retningsnummer +380-32
Kart
Lviv oblast
49°43′3″ N 23°57′1″ E
Wikimedia Commons: Lviv Oblast
Nettstad: www.loda.gov.ua

Lviv oblast (ukrainsk Львівська область) er ein provins (oblast) i det vestlege Ukraina. Administrasjonssenteret og største by er Lviv. Provinsen har 2 555 834 innbyggjarar (2006), og eit areal på 21 833 km².

Området ligg i den historiske regionen Galizia, og har mellom anna høyrt til Polen-Litauen fram til 1775 og Austerrike-Ungarn frå 1775 til 1918. Etter første verdskrigen vart området igjen polsk, før det vart ein del av Ukraina og Sovjetunionen i 1939 som følgje av den sovjetiske erobringa av Aust-Polen.

Dei viktigaste næringsvegane i Lviv oblast er landbruk og skogbruk. Området har òg noko industri.

90% av innbyggjarar er etniske ukrainarar. Av minoritetsgrupper er russarar den viktigaste, men det er òg enkelte jødiske, polske og tyske samfunn i regionen. Det finst òg romfolk i Lviv oblast.

Viktige byar i Lviv oblast endre

Kjelder endre

  1. «Ukraina Census, Population as of 1st January 2009». State Statistics Committee of Ukraina. Arkivert frå originalen 12. mars 2010. Henta 8. september 2012. 

Bakgrunnsstoff endre