Polygyni
(Omdirigert frå Polygyny)
Polygyni eller fleirkoneri viser til ei ekteskapsform der éin mann har fleire koner. Det motsette, at der ei kvinne kan ha fleire menn, blir kalla polyandri, fleirmanneri.
Islam er kjend for å godkjenna polygyni med opptil fire koner, og denne samlivsforma er dermed lovleg i mange muslimske land. Fleire afrikanske land har også tradisjon for fleirkoneri.