Harem (arabisk ha'ram 'forbode, uantasteleg, heilag') kan visa til kvinnedelen av eit hushald, både kvinnene sjølve og bygningen eller romma dei held til i. Det er særleg knytt til tradisjonelle muslimske hushald, men det finst også døme frå andre kulturar.

Fotografi av kvinner i eit harem, teke av Antoin Sevruguin i Iran (før 1933).

Ordet «harem» blir òg nytta om andre situasjonar der nokon har fleire partnarar, som at ein hane har eit «harem» av høner eller at ein mann eller ei kvinne har eit «harem» av elskarar eller elskarinner.

BygningarEndra

 
Ein innergard i sultanmora sin del av haremet i Topkapipalasset i Istanbul.
 
Hall i haremet i Topkapipalatset.

Harem i tydinga avsondra bustadområde er idag svært uvanleg. Dei romma som i eit tradisjonelt muslimskt hushald er tilgjengeleg ikkje berre for husfaren men også for dei (manlege) gjestane hans blir kall selamlik på tyrkisk. Det er ikkje tydelege skilnader i byggeteknikk eller innreiing mellom harem og selamlik. Det var likevel berre meir velståande husstandar som hadde separate harem og selamikk, medan den store massen av bybuarar hadde fellesrom, som no, og berre når framande menn var på besøk, bar kvinnene slør eller trekte seg tilbake til eit særskilt rom.

Om det finst eit særskilt haremsbygg ligg det vanlegvis mot innergarden i huset eller, om mogleg, ved ein hage. I velståande hushald kan dei ha eit fint forgitra utbygg.

Tilgangen til haremsbygningen er forboden for dei fleste menn som ikkje er husfaren. Ikkje eingong dei mannlege tenarane i hushaldet kan, uten særskilt løyve, koma lengre fram enn til haremsdøra, bab el-harem, der dei får ordrer frå husfrua gjennom kvinnelege tenarar. Berre dei aller næraste mannlege slektningane, det vil seia dei som ekteskap er forbode med (far, svigerfar, brør, onklar og morbrør) er unntatte, men vitjinga deira er gjennom skikk og bruk vanlegvis avgrensa til høgtidelege høve, som bryllaup, fødselen til barn, omskjering og bejramfeiringar. Det har òg vore praksis at ein mannleg lege får tilgang til harem berre i nødstilfelle.

LevekårEndra

Kvinner som har budd i tradisjonelle harem har vanlegvis ingen næringssarbeid bortsett frå å ta seg av barn og hushald, tekstilhandverk og venleikspleie. Det er vanleg at kvinner besøker andre kvinner i harema deira. Om husfaren vil inn i haremet sitt ved ei slik hending, må han melda frå for å gje dei vitjande kvinnene tid til å ta på slør.

Sjølv om livet i eit harem var avsondra og kvinnene var avhengige av menn for forsørginga si, betydde det ikkje nødvendigvis at kvinner i harem mangla påverknad utanfor haremet. Gjennom å påverka husfaren kan haremskvinner utøva påverknad på livet utanfor haremet. Når haremet var kongeleg, kunne kvinnene på denne måten òg utøva påverknad over politikk. Eit døme på dette var kvinnene i haremet til sultanen i det osmanske riket, der visse kvinner skaffa seg stor påverknad i politiske spørsmål gjennom innverknaden sin på sultanen. Sjå òg kvinnesultanatet.

Skildring i kunstEndra

Haremslivet er blitt skildra både i austleg og vestleg biletkunst. Innan vestleg biletkunst blei skildringar av orienten populære under romantikken, i og med europearane si aukande interesse for stader og kulturar ein opplevde som framande og eksotiske, med mellom anna haremsliv som motiv.[1] Dei vestlege skildringane artistar laga av haremsliv bygde gjerne på stereotype førestillingar, og var ikkje sjeldan òg påverka av fantasien tilkunstnarar, førestillingar som framleis kan gjera seg gjeldande i vestleg oppfatting av haremslivet.[1][2][1]

Døme på haremEndra

AbbasidekalifatetEndra

Det var under Abbasidekalifatet (750–1258) at kvinner i den muslimske verda blei segregerte i harem. Så seint som på 770-talet kunne mora til kalif Al-Khayzuran framleis opptre ved hoffet i eit kjønnsblanda miljø, men snart blei kvinnene i familien til kalifen skildre frå all kontakt med menn og frå deltaking i det offentlege livet.

I haremet til kalifen stod mor hans først i rang blant alle kvinnene ved hoffe. Andre rang hadde dei fire konene til kalifen. Dei ugifte kvinnelege slektningane til kalifen, som systrer og døtrer, kunne òg bu i haremet hans. Konkubinene til kalifen var slavar av ikkje-muslimsk opphav. Etter konkubinene kom kvinnelege slavar som opptredde som underhaldarar, dansarar og songarar for kalifen og haremskvinnene hans. Ein annan kategori av kvinnelege slavar, qahramana, var tenarar og hoffunksjonærar, og gjekk mellom haremet og ytterverda, slik at dei kunne forlata haremet.[3] Haremet blei vakta av evnukkar. Bortsett frå qahramana-kvinnene kunne ikkje kvinnene i haremet forlata det, eller visa seg for menn.

Dømet til kalifen blei følgt av overklassa i mindre skala, og abbasideharemet blei eit forbilde for korleis kongelege harem skulle organiserast i muslimske land som utkrystalliserte seg frå Abbasidekalifatet, som Fatimide-kalifatet og Al-Andalus.

Det osmanske riketEndra

Haremet til den osmanske sultanen blei endeleg utforma etter erobringa av Konstantinopel 1453, då sultanane blei permanent bufaste, og blei oppløyst då monarkiet blei avskaffa ved byrjinga av 1900-talet. Etter 1400-talet gifta vanlegvis ikkje sultanen seg, men fekk i staden barn med konkubinene i haremet sitt.

Ikkje-muslimske slavekvinner, cariyes, kunne vera odaliskar (tenarar) eller konkubiner.[4] Konkubinene var delte inn i kategoriane gözde ('favoritten') og Ikbal ('den begunstiga'). Konkubiner kunne forfremmast til å bli ei av fire 'koner' (dei var ikkje formelt gifte), og fekk då tittelen kadın ('kona'). Konene kunne forfremmast til haseki sultan ('sultangemal'), som kunne erstatta mor til sultanen, valide sultan, som etter muslimsk skikk hadde høgast rang i haremet. Kvinnelege kjøpmenn, kira, gav samband med ytterverda. Haremet blei vakta av evnukkane, som var delte inn i kızlar ağası ('den svarte sjefevnukken'), som vakta yttergrensene, og kapı ağası ('den kvite storevnukken'), som opprettheldt indre orden. Haremskvinnene følgde av og til med sultanen på reisene hans, men forlet elles ikkje haremet, og fekk ikkje treffa menn.

MogulriketEndra

Haremet til den indiske stormogulen bestod i rangorden av mora hans, koner, kvinnelege slektningar og deretter slavekonkubiner. Det fanst eit stor tal hoffunksjonærar og tenarar, som alle var anten evnukkar eller kvinner. Haremet blei overvaka av evnukkar og kvinnelege vakter med tittelen urdubegis.[5] Hustruer og konkubiner fekk berre ved sjeldne høve forlata haremet, til dømes for å dra på pilegrimsreiser, men var då under overvaking for å hindra kontakt med menn, og gøymde under slør.

GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom.

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Romantiken Arkivert 2010-08-22 ved Wayback Machine.. Nationalmuseum.
  2. Orientalism in Nineteenth-Century Art. Metropolitan Museum of Art.
  3. El Cheikh, Nadia Maria. “Revisiting the Abbasid Harems.” Journal of Middle East Women's Studies, vol. 1, no. 3, 2005, pp. 1–19. JSTOR, www.jstor.org/stable/40326869. Accessed 2 april. 2021.
  4. Necipoğlu, Gülru (1991). Architecture, Ceremonial, and Power: The Topkapı Palace in the Fifteenth and Sixteenth Centuries. Cambridge: MIT Press. ISBN 0-262-14050-0.
  5. Hambly, Gavin (1998). "Chapter 19: Armed Women Retainers in the Zenanas of Indo-Muslim Rulers: The case of Bibi Fatima". In Hambly, Gavin (ed.). Women in the medieval Islamic world : Power, patronage, and piety (1st ed.). New York: St. Martin's Press. s. 429–467. ISBN 0312224516.