Polynja (av russisk полынья, som tyder 'naturleg ishol') er eit stort isfritt hol i havisdekket eller drivisen i polare strøk. I drivisen vert dei opne områda skapt av det kjem opp varmare vatn ved konveksjon, medan dei nærare kysten vert danna ved at sterk vind frå breplatået eller land, såkalla katabatisk vind, bles drivisen utover.

Ein narkval i ein polynja i Baffin Bay.

Polynjaer som er skapt av vinden frys til att relativt raskt, medan dei som er danna ved konveksjonsstraumar av varmare vatn kan helde seg opne i månadsvis.

I dag vert omgrepet gjerne nytta om havområde i Arktis og Antarktis som held seg isfrie det meste av året.

Kjelder endre

«polynja» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.