Pomona var gudinne for hagebruk og fruktdyrking i romersk mytologi.[1] Namnet er avleitt av pomum som tyder 'eple'.[2]

Romersk statue som truleg viser Pomona ved Napoli arkeologiske museum.
Pomona måla av Nicolas Fouché ca. 1700

Pomona var maken til Vortumnus, som også hadde med frukter å gjera. I ein myte gjenfortald av Ovid vraka ho skogsgudane Silvanus og Picus, men blei gift med Vertumnus etter at han lurte henne forkledd som ei gamal kone.[3]

I Roma hadde ho ein særskild prest, flamen Pomonalis, men ho blei særleg dyrka på landsbygda. Både Pomona og Vertumnus blei ofte avbilda med gartnarkniv og famnen full av frukter.[2]

Pomona er spesifikt romersk, det er ingen greske gudar som tilsvarar henne. Ho har likevel ein del eigenskapar til felles med Demeter.

StatuarEndra

KjelderEndra

  1. «Pomona» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 Nordisk familjebok, «Pomona», 1913.
  3. Duckworth, George E (1976). «Pompona». I William D. Halsey. Collier's Encyclopedia 19. Macmillan Educational Corporation. s. 232.