Pomona Plateau er eit isdekt platå, over 300 moh, strekkjer seg mellom Sandefjord Peaks og Deacon Hill vest på Coronation Island i Sør-Orknøyane. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter ei kartlegging av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948–50. Namnet finst i ei anna form på eit kart av James Weddell i 1822. Han var ikkje klar over at Coronation Island alt var oppdaga av kaptein Nathaniel Palmer og kaptein George Powell og gav på den tida øya namnet «Pomona» eller «Fastlandet» etter øya nord i Orknøyane. Dette namnet vart publisert av Weddell i 1825, men overlevde ikkje, og vart sidan nytta om dette platået i staden.

Pomona Plateau
platå
Land  Antarktis
Stad Coronation Island i Sør-Orknøyane
 - koordinatar 60°35′S 45°55′W / 60.583°S 45.917°W / -60.583; -45.917
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Pomona Plateau
60°35′00″S 45°55′00″W / 60.5833°S 45.9167°W / -60.5833; -45.9167
Pomona Plateau is located in Antarktis
Pomona Plateau (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Pomona Plateau» (innhald frå Geographic Names Information System).