Pompée Valentin Vastey
Pompée Valentin Vastey eller Pompée Valentin, Baron de Vastey (1781–1820)[1] var ein haitisk forfattar, lærar og politikar. Vastey var av blanda opphav, med fransk far og haitisk mor.
Pompée Valentin Vastey | |
Statsborgarskap | Haiti |
Fødd | 1781 Saint-Domingue |
Død |
oktober 1820 |
Yrke | politikar, skribent, historikar |
Pompée Valentin Vastey på Commons |
I 1804, då Haiti erklærte seg sjølvstendig frå Frankrike, vart han kontorsjef for finansminister Andre Vernet, under leiing av Jean-Jacques Dessalines.
I 1811, då Henri Christophe erklærte seg sjølv som konge over Haiti, vart Vastey sekretæren hans. Seinare vart han også privatlærar for sonen hans, Victor Henri. Vastey hevda også at han hadde slåst i hæren til Toussaint og var tremenning til den franske romanforfattaren og dramatikaren Alexandre Dumas den eldre.[2] Vastey er best kjend for essaya sine om historia og samtida i Haiti. I Le Système Colonial Dévoilé kritiserte han til dømes dei dåverande raseteoriane.
Han vart avretta i eit opprør mot kongen i 1820.
Bibliografi i utval
endre- 1814 – Le Système Colonial Dévoilé
- 1815 – Réflexions Adressées aux Haïtiens de l’Ouest et du Sud
- 1815 – Le Cri de la Patrie
- 1815 – Le Cri de la Conscience
- 1816 – Réflexions sur une lettre de Mazères. Ex-colon français, adressée à M. J.C.L. Sismonde de Sismondi, sur les noirs et les blancs, la civilisation de l'Afrique, le royaume d'Hayti, etc.
- 1817 – Réflexions Politiques sur quelques Ouvrages et Journaux Français Concernant Haïti
- 1819 – Essai sur les Causes de la Révolution et des Guerres Civiles en Haïti
Kjelder
endreNettstader
endre- «Pompée Valentin Vastey» på Wikipedia på engelsk, innhenta 30. juli 2010.
- «Pompée Valentin Vastey» på Wikipedia på fransk, innhenta 30. juli 2010.
Litteratur
endre- Patricia Schutt-Ainé: Haiti. A Basic Reference Book (Miami i USA: Staff of Librairie Au Service de la Culture, 1994), s. 90.
- Earl Leslie Griggs og Thomas Prator: Henry Christophe and Thomas Clarkson: A Correspondence (Berkeley i USA: University of California Press, 1952).
- Marlene Daut: «Un-Silencing the past: Boisrond-Tonnerre, Vastey, and the Re-Writing of the Haitian Revolution.» i South Atlantic Review 74.1, Winter 2009, s. 35–64.
Referansar
endre- ↑ Vastey skreiv at han var fødd i 1781 i Ennery i Haiti i eit brev til den heidra britiske abolisjonisten Thomas Clarkson som var sendt frå Sans Souci 29. november 1819. Sjå Griggs 1952, s. 179.
- ↑ Daut, s. 56 og Griggs 1952, s. 181.