Popovo eller Popovsko er den største av ei gruppe på elleve fjellvatn kalla Popovosjøane. Innsjøen og dei omliggande er eit av dei mest populære turistområda om sommaren i Pirin nasjonalpark i Bulgaria. Vatnet ligg i botn av dalsøkket Popovski og er omringa av fjelltoppane Sivrija, Dzjano, Kralev dvor, Momin dvor and Dzjengal.

Popovsko sett frå Dzjano

Vatnet er det største og djupaste i Pirin, og har i tillegg det største volumet. Overflatearealet er 123,6 mål, og er dermed den fjerde største innsjøen i Bulgaria. Han er 29,5 meter på det djupaste, 480 meter lang og 336 meter brei. Vassvolumet er 1 270 000 m³. Innsjøen ligg i ei høgd på 2 234 m. Vatnet får tilsig frå regn og snø, i tillegg til to små bekkar som munnar ut i vatnet i den sørlege enden. Den største vassmengda har ein om våren då snøsmeltinga frå dei omliggande fjelltoppane er størst.

Utsiget frå vatnet skjer via små, bratte bekkar, som renn ut i sju av dei andre Popovskisjøane i den lågare delen av dalsøkket, og frå her har ei av sideelvane til elva Mesta sitt utspring. Området rundt innsjøen inneheld enger og grupper av furuskog