Pirin nasjonalpark

Pirin nasjonalpark (bulgarsk Национален парк „Пирин“) ligg i Pirinfjella i Blagoevgrad oblast i Bulgaria. Naturparken omfattar ca. 400 000 dekar og ligg mellom 1 008 og 2 914 meter over havet med Vihren som den høgaste fjelltoppen.

Pirin nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Bulgaria
Kart
Pirin nasjonalpark
41°40′00″N 23°30′00″E / 41.666667°N 23.5°E / 41.666667; 23.5
Wikimedia Commons: Pirin National Park

Historie

endre

Vihren nasjonalpark blei skipa i 1962 og gitt namnet Pirin folkepark i 1974. Parkadministrasjonen blei lagt til Bansko i 1979. Frå 1983 er området oppført på UNESCO si liste over verdsarv.

Parken

endre

I fjella finst det 176 eksplosjonskrater som blir fylte av vatn under snøsmeltinga og blir sjøar. Meir enn 80 % av området er dekt av skog og her finst m.a. svartfuru. Det 1 300 år gamle treet Bajkuschewa Mura er eit av verdas eldste.

Totalt finst det 1 315 karplantar, ein tredel av floraen i Bulgaria. 86 av dei er endemiske artar for Balkan, 17 bulgarske endemiske artar og 18 lokale endemiske artar.[1]

Faunaen omfattar 45 pattedyr inkludert bjørn, ulv og mår, og 159 fugleslag. I Pirin finst det også åtte typar amfibium, elleve reptilslag og seks fiskeslag.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Pirin nasjonalpark