Porlock Bay er ei bukt i Bristolkanalen, mellom Hurlestone Point og Porlock Weir i Somerset i England.

Porlock Bay
bukt
Land  England
Kart
Porlock Bay
51°13′09″N 3°36′18″W / 51.2193°N 3.60508°W / 51.2193; -3.60508
Wikimedia Commons: Porlock Bay
Porlock Bay frå Porlock Weir mot Hurlestone Point.

Langs kysten finn ein grusryggar, marskland og ein skog som er lagt under vatn. I 1052 gjekk den saksiske kongen Harald i land ved Porlock Bay frå Irland og brende byen her før han marsjerte mot London.[1]

Mykje av kysten er verna av National Trust.

Porlock Ridge and Saltmarsh er eit 18,6 km² stort biologisk område av særleg vitskapleg interesse (SSSI), oppretta i 1990. Området er viktig på grunn av aktive geomorfologiske trekk. Her finst òg viktig marskland og planta singelryggar.[2]

Ved Bossington ligg ei grusstrand som Hornerelva renn gjennom. I 1990-åra vart det danna marskland og lagunar i området innanfor grusryggen på grunn av stigande havnivå.[3]

Kjelder

endre
  1. «Exmoor - Minehead & Porlock». History Tourist.com. Arkivert frå originalen 25. november 2009. Henta 18. desember 2009. 
  2. «Porlock Ridge and Saltmarsh» (PDF). English Nature. 
  3. «Shifting shores in the South West» (PDF). National Trust. 

Bakgrunnsstoff

endre

51°13′13″N 3°36′49″W / 51.2202°N 3.6137°W / 51.2202; -3.6137