Porthleven er ein fiskarby som ligg sør i Cornwall i England.[3] Byen har 3 059 innbyggjarar (2011).[4] Han har den sørlegaste hamna på øya Storbritannia.[5]

Porthleven
by
Land  England
Region South West England
Fylke Cornwall
Folketal 3 190 (2001)
Kart
Porthleven
50°04′05″N 5°18′58″W / 50.068°N 5.316°W / 50.068; -5.316
Wikimedia Commons: Porthleven

Denne delen av Cornwall-kysten har ei lang historie med skipbrot. Særleg Loe Bar i nærleiken er kjend som ein farleg stad som symjarar og surfarar blir åtvara mot framleis.

Historie

endre

Namnet «Porthleven» er sett saman av Porth eller Port, som tyder 'hamn', og anten leven som er kornisk for 'glatt', eller St Elvan, etter ein helgen frå 400-talet. Det fanst tidlegare ei busetjing i nærleiken som heitte St Elvan.[6]

Staden Porthleven ligg på var opphavleg ei myrete vik med ein bekk som markerte skiljet mellom sokna Breage og Sithney. På 1300-talet var det ein liten fiskarlandsby her. På 1700-talet slo også gards- og gruvearbeidarar seg ned her. Landsbyen blei kalla Porth Leuan eller Port Leven. Soknet Porthleven blei skipa i 1846.[6]

Hamna i Porthleven blei bygd tidleg på 1800-talet som ei trygg hamn ved ein farleg kyst. I 1807 grunnstøtte frigatten HMS «Anson» på Loe Bar, og ein reknar med at 130 menneske drukna. Dette førte til ei parlamentsavgjerd om å byggja ei trygg hamn ved banken.[6] Den opphavlege hamna vende mot sørvest, like mot dei sterkaste vindane.[7] Ho stod ferdig i 1825, etter fjorten års byggjearbeid der franske krigsfangar frå napoleonskrigane deltok.[6] Seinare blei det også bygd ei endå tryggare indre hamn. Denne blei laga i 1858.[7]

Redningsbåtorganisasjonen Royal National Lifeboat Institution (RNLI) plasserte ein livbåt her i 1863. Eit båthus med slipp blei bygd for han i 1894 på vestsida av hamna. Stasjonen blei stengd i 1929 då ein tok i bruk redningsbåtar med motor som kunne dekkja heile Mount's Bay frå The Lizard og Penlee i staden. Båthuset blei brukt som lagerstad fram til det blei gjort om til museumet Shipwreck Centre.[8]

Byen hadde ein stor fiskarflåte og båtbyggeindustri. Folketalet i 1900 var nesten 2000. Den tradisjonelle trebåtindustrien gjekk etterkvart tilbake. Fisket fortsette til ein viss grad, og det finst i dag fleire sjømatrestaurantar i byen.[6] Mellom anna har kjendiskokken Rick Stein ein restaurant her.[9]

Turisme er blitt stadig viktigare for Porthleven.[6] Han er blitt ein viktig surfestad.[10] Kajakkpadling er ein anna populært aktivitet.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 https://www.cornwall.gov.uk/media/5eobmxvd/tcrf-towns-eligibility-and-populations.pdf.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024. 
  3. Ordnance Survey linked data
  4. Neighbourhood statistics, arkivert frå originalen 9. desember 2015, henta 31. juli 2017 
  5. «Cornwall Online - The Lizard Peninsula Guide». Lizard-peninsula.co.uk. Arkivert frå originalen 2 May 2016. Henta 19. oktober 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 The History Of Porthleven In Cornwall, porthleven-online.com, arkivert frå originalen 3. oktober 2009, henta 31. juli 
  7. 7,0 7,1 Porthleven Harbour In Cornwall - Unspoilt Fishing Harbour, porthleven-online.com, arkivert frå originalen 29. desember 2016, henta 31. juli 2017 
  8. Leach, Nicholas (2006) [2000]. Cornwall's Lifeboat Heritage. Chacewater: Twelveheads Press. s. 37–38. ISBN 0-906294-43-6. 
  9. «Rick Stein's restaurant in Porthleven». Rickstein.com. 1. september 2015. Arkivert frå originalen 19. september 2016. Henta 19. oktober 2016. 
  10. «Porthleven Spot Guide - Surf Forecast and Report». Magicseaweed.com. Henta 19. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre