Øya Storbritannia

Øya Storbritannia er den største av Dei britiske øyane, og ligg mellom fastlands-Europa og Irland. Øya utgjer størstedelen av landområdet til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, som på norsk som regel vert kalla Storbritannia. På engelsk er namnet «Great Britain».

Satellittbilete av Storbritannia

Øya Storbritannia er den største øya i Europa, og kjem på 8. plass i verda. Ho har ei flatevidd på 229.850 km². Ho omfattar det meste av landa England, Skottland og Wales som no utgjer nasjonen Storbritannia. I tilllegg høyrer andre, mindre øyar òg til kvart av desse landa.

Kvifor Storbritannia? endre

Namnet på øya viser til at det er landet der britane bur. Men det finst òg eit anna område der britar, eller bretonarar, held til. Det er Bretagne i Frankrike, eller Brittany på engelsk. Sidan den britiske øya er større enn den bretonske halvøya, blei ho kalla Storbritannia.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.