Opna hovudmenyen
Eit glas portvin.
Vinmarkene i liene langs elva Douro nord i Portugal.

Portvin, som på portugisisk vert kalla Vinho do Porto, altså vin frå byen Porto, er ein såkalla heitvin eller sterkvin som er laga av druer frå vinmarkene ikring Douroelva nord i Portugal.

Etter ei stutt gjæringstid vert vinen tilsett eit smaksnøytralt brennevin, aguardente. Gjærcellene i vinen døyr av alkoholforgifting, og ettersom gjæren i vinen lever av sukkeret i druene, vert restsukkeret i vinen teke vare på nå gjæringa stoggar. På dette viset vert det laga ein sterk og søt vin med 19–20 % alkohol, som gjerne vert lagra ei tid før han skal konsumerast. Opphavleg vart vinen handsama på denne måten for å kunne halde seg under transport og omsetjing på hovudmarknaden, som framfor alt var England, og det er knytt mange engelske tradisjonar, ord og uttrykk til portvinen.

PortvinshusEndra

Dei store oppkjøparane av vinen dominerer portvinshandelen. Dei viktigaste husa er:

  • Cálem
  • Churchill's
  • Crofts
  • Delaforce
  • Ferreira
  • Fonseca
  • Offley
  • Ramos Pinto
  • Royal Oporto
  • Sandeman
  • The Symington Family Estates eig: Graham's, Warre's, Dow's, Smith Woodhouse og Cockburn's
  • Taylor, Fladgate, & Yeatman (Taylor's)
  • Quinta do Noval
  • Wiese & Krohn
  • Niepoort





BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Portvin