Possible Musics
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics Studioalbum av Jon Hassell & Brian Eno | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 1980 | |
Innspelt | 1980, Celestial Sounds, New York City AGO, Toronto (live) | |
Sjanger | Avantgarde, ambient, verdsmusikk | |
Lengd | 45:05 | |
Selskap | E.G., Polydor | |
Produsent | Brian Eno med Jon Hassell | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Brian Eno-kronologi | ||
Ambient 3: Day of Radiance (1980) |
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics | My Life in the Bush of Ghosts (1981) |
Jon Hassell-kronologi | ||
Earthquake Island (1978) |
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics | Dream Theory in Malaya (1981)
|
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics er eit album frå 1980 av Brian Eno og Jon Hassell.
Oversyn
endre«Fourth World» er eit omgrep som trompetisten Jon Hassell nytta for å skildre musikkstilen som ein fekk med moderne teknologiske handsamingar påverka av forskjellige kulturar og tidsepokar. Han ønskte musikken på albumet til å vere «framtidig primitiv» eller «ein kaffi-farga klassisk musikk».
Hassell hadde studert indisk klassisk musikk med songaren Pandit Pran Nath, og seinare nytta vokalteknikkane i trompetspelinga si. I lag med Eno blanda han lydane frå instrumentet sitt med digital forseinking, ekko og elektroniske effektar for å skape ei unik blanding av ambient og verdsmusikk.
Trompeten til Hassell dominerer albumet gjennom, men høyrest likevel nesten aldri ut som ein.
Eno tok det han lærte frå å lage dette albumet med seg i samarbeidet med David Byrne på My Life in the Bush of Ghosts. Hassell meinte visstnok at albumet med Byrne var for «kommersielt» og hudfletta Eno i eit intervju for metodane hans og «mangelen på musikalsk herkomst». Dei vart etter kvart vener att.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Chemistry» | Jon Hassell, Brian Eno | 6:50 |
2. | «Delta Rain Dream» | Hassell, Eno | 3:26 |
3. | «Griot (Over 'Contagious Magic')» | Hassell | 4:00 |
4. | «Ba-Benzélé» | Hassell | 6:15 |
5. | «Rising Thermal 14° 16' N; 32° 28' E» | Hassell, Eno | 3:05 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Charm (Over 'Burundi Cloud')» | Hassell | 21:29 |
Medverkande
endre- Jon Hassell – trompet, Prophet 5 på «Delta Rain Dream»", «Aular»-loop på «Rising Thermal», Arp-loopar på «Charm»
- Brian Eno – gitar på «Delta Rain Dream», Prophet 5 på «Ba-Benzélé» og «Rising Thermal», MiniMoog & handsamingar på «Charm»
- Percy Jones – bass på «Chemistry»
- Naná Vasconçelos – ghatam, congaar, trommeloopar
- Aïyb Dieng – ghatam, congatrommer
- Michael Brook – bass på «Griot»
- Paul Fitzgerald – elektronikk på på «Griot»
- Gordon Philips – handklapping på «Griot»
- Andrew Tomar – handklapping på «Griot»
- Tina Pearson – handklapping på «Griot»
- Jerome Harris – bass på «Ba-Benzélé»
- Night Creatures of Altamira – på «Rising Thermal»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fourth World, Vol. 1: Possible Musics» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2011.