Poul Schnitler
Poul Fredrik Vilhelm Schnitler (15. oktober 1762–7. april 1832) var ein norsk prest og stortingsmann frå Norderhov i Buskerud.
Poul Schnitler | |
Fødd | 15. oktober 1762 Norderhov |
Død | |
Yrke | prest, politikar |
Schnitler var son til ein prest. Han vart student i 1781 og cand. theol. i 1784. Under krigen mot Sverige i 1788 var han med som feltprest. Frå 1790 til han døydde i 1832 var han sokneprest i Rygge, tida 1816-32 var han også prost i Vestre Borgesyssel.
Schnitler var 3. representant frå Smaalenenes amt til Stortinget 1818. Han var medlem av Lagtinget og ti komitear. Mellom anna var han formann i komiteen om sal av prestegardsinventar og løn til geistlege embetsmenn, samt medlem av komiteane om høvesvis Smaalenssaka, konventikkelplakaten av 1754 og sal av det benefiserte godset.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Poul Schnitler NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv