Považský Inovec
Považský Inovec eller Váh Inovec er ei fjellkjede vest i Slovakia, kalla opp etter elva Váh. Ho er 48 km lang og 15-25 km brei og strekkjer seg frå byen Hlohovec, ved Dei donauske åsane og stig sakte nordover til byen Trenčín der ho grensar til Strážovfjella. Her ligg òg det høgaste fjellet i kjeda, Inovec (1042 moh). Fjellkjeda er eit vasskilje mellom nedslagsfelta til elvane Váh og Nitra.
Det er mange monument i eller nær fjella, inkludert det stormoraviske åsfortet Kostolec nær Ducové, Hlohovecborga nær Hlohovec, Beckovborga nær Beckov, Topoľčanyborga og Tematínborga. Den kjende krustaden Piešťany ligg ved foten av Považský Inovec.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Považský Inovec» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.