Váh
Váh (tysk Waag;[1] ungarsk Vág;[2][3] polsk Wag[4]) er den lengste elva som renn heilt innanfor Slovakia. Ho er ei sideelv til Donau frå venstre og har ei lengd på 403 km, inkludert greina Čierny Váh. Ho har to kjelder, Biely Váh (Kvite Váh) og Čierny Váh (Svarte Váh), som ligg i respektive Høge Tatra og Låge Tatra. Elva renn nordover og vestover i Slovakia og munnar til slutt i Donau nær Komárno.
Váh | |||
elv | |||
Váh nær Piešťany
| |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 10 640 km² | ||
Lengd | 403 km | ||
Middelvassføring | 196 m³/s | ||
Kjelde | Låge Tatra, Høge Tatra | ||
Munning | Donau | ||
Váh 49°01′08″N 19°48′33″E / 49.0188°N 19.8091°E | |||
Wikimedia Commons: Váh |
Frå venstre har ho sideelvane Demänovka, Revúca, Ľubochnianka, Turiec, Rajčanka og Nitra og frå høgre Belá, Orava, Varínka, Kysuca, Biela voda, Vlára, Dubová, Dudváh og Vesle Donau.
Elva består av kanalar og kunstige dammar (Čierny Váh, Liptovská Mara, Bešeňová, Krpeľany, Žilina, Hričov, Nosice, Sĺňava, Madunice, Kráľová og Selice) og det er bygd 16 vasskraftverk langs elva. Dei første vart bygd ut i 1930-åra og talet auka kraftig etter den andre verdskrigen. Den største motorvegen i Slovakia, D1, går langs Váh (Bratislava–Trenčín–Považská Bystrica–Žilina og Ružomberok–Poprad), samt jernbanelinja Bratislava–Žilina–Košice.
Av byar langs elva finn ein Liptovský Hrádok, Liptovský Mikuláš, Ružomberok, Vrútky, Žilina, Bytča, Považská Bystrica, Púchov, Ilava, Dubnica nad Váhom, Nemšová, Trenčín, Nové Mesto nad Váhom, Piešťany, Hlohovec, Sereď, Šaľa, Kolárovo og Komárno.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Váh» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Cambridge Ancient History. Cambridge University Press. 1970. ISBN 0-521-26335-2
- ↑ Kocsis, Károly (2001). «Towns in Slovakia with absolute Hungarian majority». Ethnic Geography of the Hungarian Minorities in the Carpathian. s. 73. ISBN 193131375X.
- ↑ Felbermann, Louis. Hungary and Its People.
- ↑ Wag w Słowniku geograficznym Królestwa Polskiego i innych krajów słowiańskich.