Praděd (tysk Altvater) er det høgaste fjellet i Hrubý Jeseník-fjella og Tsjekkisk Schlesien , og det fjerde høgaste fjellet i Tsjekkia med ei høgd på 1 491 m. Den årlege middeltemperaturen her er om lag 1 °C. På toppen av fjellet står eit 162 meter høgt TV-tårn, og den øvre plattforma her vert brukt som utkikkspunkt.

Praděd
fjell
Toppen av Praděd
Land  Tsjekkia
Område Nord-Moravia-Vest-Schelsen
Fjellkjede Hrubý Jeseník
Høgd 1 492 moh.
Koordinatar 50°05′N 17°14′E
Kart
Praděd
50°04′59″N 17°13′51″E / 50.083194444444°N 17.230861111111°E / 50.083194444444; 17.230861111111
Wikimedia Commons: Praděd

Historia om tårnet

endre

Den første bygningen på fjellet vart eit 32 meter høgt vakttårn av stein. Det vart bygd mellom 1903 og 1912 av sudettyskarar som ein turistattraksjon. Sidan alle tyskarar vart kasta ut av Tsjekkia etter den andre verdskrigen, vart ikkje tårnet vedlikehaldt, og kollapsa 2. mai 1959.

TV-tårnet vart bygd mellom 1968 og 1983. Det ligg ein restaurant i tårnet, som ein kan nå via bilveg. Frå utkikksplattforma kan ein sjå Tatrafjella, Litle Fatra og Alpane.

Kjelde

endre