Pratibha Patil

indisk politikar

Pratibha Patil (fødd 19. desember 1934) er ein indisk politikar som var president i India frå 2007 til 2012. Ho var den første kvinnelege presidenten i India. Patil er medlem av Den indiske nasjonale kongressen (Indian National Congress, ofte kalla Kongresspartiet), og vart nominert av regjeringskoalisjonen Den sameinte framstegsalliansen (United Progressive Alliance) og Venstrefronten (Left Front). Ho vart vald ved indirekte val den 19. juli 2007, og blei innsett den 25. juli.

Pratibha Devisingh Patil
प्रतिभा देवीसिंह पाटील (marathi)
uttale

Periode25. juli 2007-25. juli 2012
TitlarPresident av India
ReligionHindu
PartiKongresspartiet
Fødd19. desember 1934 (90 år)
FødestadNadgaon i Maharashtra
EktefelleDevisingh Ransingh Shekhawat
BarnRaosaheb Shekhawat
FøregangarAbdul Kalam
EtterfølgjarPranab Mukherjee

Patil vart fødd i landsbyen Nadgaon i Maharashtra. Ho tok mastergrad ved universitetet i Jalgaon i Maharashtra, og bachelorgrad i rettsvitskap i Mumbai. Ho sat i delstatsparlamentet i Maharashtra frå 1962 til 1985. Ho hadde òg ulike ministerpostar i delstatsregjeringa. Frå 1986 til 1988 var ho visepresident for overhuset i det indiske parlamentet. Frå 1991 til 1996 sat ho som folkevald i underhuset i det indiske parlamentet. Frå 2004 til 2007 var ho den første kvinnelege guvernøren i delstaten Rajasthan.

Pratibha Patil gifta seg i 1965 med Devisingh Ramsingh Shekhawat. Dei har ein son og ei dotter.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Pratibha Patil