Presidenten i India
Presidenten i India (engelsk President of India, hindi राष्ट्रपति, rashtrapati, 'riksherre') er statsoverhovud i Republikken India og øvstkommanderande for det indiske forsvaret. Medan artikkel 53 i Grunnloven seier at presidenten kan utøva myndigheit direkte,[1] blir all myndigheit som tilhøyrer presidenten med visse unntak utøvd av den sitjande regjeringa med statsministeren i spissen.
Den noverande presidenten er Ram Nath Kovind, som blei svoren inn 25. juli 2017.
Valmåte
endrePresidenten blir vald av medlemmene i det indiske parlamentet (Lok Sabha og Rajya Sabha) og av dei lovgjevande delstatsforsamlingane (Vidhan Sabha). Valperioden er fem år, og ein sitjande president har lov til å stilla til gjenval. Det blir brukt ein formel for å fordela stemmer slik at det blir balanse mellom folketalet i kvar delstat og talet på stemmer som representantar i delstatsforsamlingane kan gje, og ein likeverdig balanse mellom medlemmer av delstatsforsamlingane og parlamentsmedlemmer. Dersom ingen kandidat får stemmefleirtal blir tapande kandidatar eliminerte frå valet og stemmer for dei blir overført til andre kandidatar, fram til éin kandidat får fleirtal. Visepresidenten blir vald gjennom direkte avstemming der alle representantar i Lok Sabha og Rajya Sabha tek del.
Embetsbustad
endrePresidenten av India held til i Rashtrapati Bhavan («President-bygningen») i New Delhi. Presidenten har også offisielle embetsbustader i The Retreat Building i Chharabra ved Shimla og Rashtrapati Nilayam i Hyderabad.
Indiske presidentar sidan 1950
endreNr. | Bilde | Namn | Tilltredde | Avgjekk |
---|---|---|---|---|
1. | Rajendra Prasad | 26. januar 1950 | 13. mai 1962 | |
2. | S. Radhakrishnan | 13. mai 1962 | 13. mai 1967 | |
3. | Zakir Hussain | 13. mai 1967 | 3. mai 1969 | |
4. | Varahagiri Venkata Giri | 24. august 1969 | 24. august 1974 | |
5. | Fakhruddin Ali Ahmed | 24. august 1974 | 11. februar 1977 | |
6. | Neelam Sanjiva Reddy | 25. juli 1977 | 25. juli 1982 | |
7. | Giani Zail Singh | 25. juli 1982 | 25. juli 1987 | |
8. | R. Venkataraman | 25. juli 1987 | 25. juli 1992 | |
9. | S.D. Sharma | 25. juli 1992 | 25. juli 1997 | |
10. | K.R. Narayanan | 25. juli 1997 | 25. juli 2002 | |
11. | A.P.J.Abdul Kalam | 25. juli 2002 | 25. juli 2007 | |
12. | Pratibha Patil | 25. juli 2007 | 25. juli 2012 | |
13. | Pranab Mukherjee | 25. juli 2012 | 25. juli 2017 | |
14. | Ram Nath Kovind | 25. juli 2017 | Sitjande |
Kjelder
endre- ↑ Justisdepartementet i India: Constitution of India, 94. Amendment Act, s. 26.
- Denne artikkelen bygger på «Indias president» frå Wikipedia på bokmål, og «Indiens president» frå Wikipedia på svensk den 26. april 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (engelsk)
- Tidlegare presidentar av India ved den offisielle nettstaden