Premuda
Premuda er ei lita øy i Adriahavet i Kroatia. Ho høyrer til dei nordlege dalmatiske øyane, og ligg nordvest for byen Zadar. Premuda er om lag 10 km lang, og har eit areal på 9,2 km². Ho ligg sørvest for øyane Silba og nordvest for Škarda.
Premuda | |
---|---|
Hamna på Premuda | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 8,66 km²
|
Høgaste punkt | Vrh (88 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Zadar
|
Demografi | |
Folketal | 58 (2001)
|
Landsbyen Premuda har 50 innbyggjarar, men dette talet aukar mykje på sommaren. I landsbyen dyrkar ein oliven og avlar sauer, og dei siste åra har turismen på øya auka. Det ligg tre restaurantar på øya.
Premuda er ein populær stad for dykkarar, og har nokre svært populære dykkestader. «Katedrala» er eit system av grotter med vakkert lys som skin gjennom det porøse taket i grottene. Ein annan populær dykkestad er vraket av det austerriksk-ungarske slagskipet Szent István, som ligg på eit djup omkring 40-60 meter og derfor berre tilgjengeleg for erfarne dykkarar.
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete frå Premuda Arkivert 2006-11-02 ved Wayback Machine.
- Dykkeinformasjon Arkivert 2007-06-11 ved Wayback Machine.