Prestfossen
Prestfossen er ein foss i elva Bøvra, ved tettstaden Fossbergom i Lom kommune i Innlandet. Fossen ligg attmed staden der riksveg 15 krossar Bøvra, like før elva renn ut i innsjøen Skim.
Prestfossen er vorten brukt til å drive både mølle og sagbruk, og det har tidlegare også vore eit lite kraftverk ved fossen.