Pretty Little Head av Paul McCartney

Pretty Little Head
Singel av Paul McCartney
frå albumet Press to Play
B-side

«Write Away» (7")
«Write Away» og «Angry» (12")

Utgjeve 27. oktober 1986
Innspelt April og mai 1985
Lengd 5:14
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Paul McCartney og Eric Stewart
Produsent Paul McCartney og Hugh Padgham
Paul McCartney-kronologi 
«Press»
(1986)
Pretty Little Head «Stranglehold»
(1986)


«Pretty Little Head» er ein song av Paul McCartney,[1] skriven av McCartney og 10cc-gitaristen Eric Stewart. Sonen kom ut på albumet Press to Play og var den 38. singelen til McCartney. Songen nådde ikkje singellistene. I eit forsøk på å auke salet vart dette den første singelen McCartney gav ut på kassett.[1] Han nådde likevel ikkje salslista.[1]

Utgjeving endre

Singelen vart korta ned frå kring 5 minuttar på albumet til 3:50 på singelen (miksa av Larry Alexander), og på 12"-utgåva i ein 6:56 lang remix (miksa av John Potoker). Eit ekstra spor, «Angry», vart òg gjeven ut på 12"-versjonen.[1] Kassettversjonen var lik 12"-versjonen og kom ut 17. november 1986.[1]

Innhald endre

7"(R 6145)
  1. «Pretty Little Head» – 3:50
  2. «Write Away» – 3:01
12" (12R 6145)
  1. «Pretty Little Head» – 6:56
  2. «Angry» (Remix) – 3:36
  3. «Write Away» – 3:01

Video endre

Det vart laga ein musikkvideo, regissert av Steve Barron, til songen,[1] med ei jente som rømmer heimefrå etter å ha sett foreldra krangle. Jenta vert spelt av Gabrielle Anwar. McCartney er berre med i videoen ei kort stund.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Pretty Little Head». JPGR. 2000. Henta 11. januar 2009.