10cc er eit engelsk rockeband skipa i Stockport i Stor-Manchester i 1972. Gruppa bestod opphavleg av fire musikarar – Graham Gouldman, Eric Stewart, Kevin Godley og Lol Creme – som hadde skrive og spelt inn musikk i lag sidan 1968. Gruppa bestod av to låtskrivarteam. Stewart og Gouldman var hovudsakleg pop-låtskrivarar, som skapte dei mest tilgjengelege songane deira. Godley og Creme var den meir dominerande halvdelen av 10cc, med kunst- og filmatisk-inspirerte songar.[5]

10cc
10CC - TopPop 1974 2.png
10cc i 1974
(med klokka frå øvst til venstre): Eric Stewart, Kevin Godley, Graham Gouldman, Lol Creme
OpphavStockport i Stor-Manchester i England
Aktiv1972–1983; 1991–1995, sidan 1999
Sjanger
Tilknytte artistarThe Magic Lanterns, The Mindbenders, Doctor Father, Hotlegs, Godley & Creme, Wax
PlateselskapUK Records, Mercury Records, Polydor
MedlemmerGraham Gouldman
Paul Burgess
Rick Fenn
Keith Hayman
Iain Hornal
Tidlegare medlemmerEric Stewart
Lol Creme
Kevin Godley
Stuart Tosh
Tony O'Malley
Duncan Mackay
Vic Emerson
Steve Piggot
Gary Wallis
Mick Wilson
Mike Stevens

Alle medlemmane i 10cc var multi-instrumentalistar, songarar, låtskrivarar og produsentar. Dei fleste av platene deira vart spelt inn i deira eige Strawberry Studios (North) i Stockport og Strawberry Studios (South) i Dorking, og Stewart var lydteknikar på dei fleste.

Frå 1972 til 1978 hadde 10cc fem album på rad som gjekk inn på topp 10 på den britiske albumlista: Sheet Music, The Original Soundtrack (1975), How Dare You! (1976), Deceptive Bends (1977) og Bloody Tourists (1978). Dei hadde òg tolv singlar som nådde topp 40 på den britiske singellista, og tre av dei gjekk heilt til topps på lista: «Rubber Bullets» (1973), «I'm Not in Love» (1975) og «Dreadlock Holiday» (1978). «I'm Not in Love» vart det store gjennombrotet deira verda over og er kjend for det nyskapande akkompagnementet. Godley and Creme slutta i bandet i 1976 på grunn av kunstnariske usemjer og vart ein duo. Stewart slutta i bandet i 1995. Sidan 1999 har Gouldman leia ein turnéversjon av 10cc.

Første samarbeidEndra

Tre av dei skipande medlemmane i 10cc var barndomsvener i Manchester-området. Som gutar kjende Godley og Creme kvarandre. Gouldman og Godley gjekk på same ungdomsskule og den felles musikkinteressa deira førte til at dei spelte i lag i det lokale Jewish Lads' Brigade.[6]

1964–1969: Tidlege bandEndra

Det første samarbeidet deira i studio var i 1964 då bandet til Gouldman, The Whirlwinds, spelte inn Lol Creme-songen «Baby Not Like You», som B-side til den einaste singelen deira, «Look At Me». The Whirlwinds endra så medlemmar og namn og vart The Mockingbirds (med songaren og gitaristen Gouldman, bassisten Bernard Basso og trommeslagaren Kevin Godley, som tidlegare spelte i The Sabres med Creme). The Mockingbirds spelte inn fem singlar i 1965–66 utan noko suksess, før dei vart oppløyst.[7] Gitraisten i både The Whirlwinds og The Mockingbirds var Stephen Jacobson, bror til den kjende forfattaren Howard Jacobson.[8]

I juni 1967 kom Godley og Creme saman att for ein enkel singel («Seeing Things Green» med «Easy Life» på UK CBS) under namnet «The Yellow Bellow Room Boom».[9] I tok 1969 Gouldman dei til ei innspeling for Marmalade Records. Sjefen her, Giorgio Gomelsky, vart imponert over falsettrøysta til Godley og tilbaud dei ein platekontrakt. I september 1969 spelte Godley & Creme inn nokre grunnleggjande spor i Strawberry Studios, i lag med Stewart på gitar og Gouldman på bass.[10] Songen «I'm Beside Myself» med B-sida «Animal Song» kom ut på singel under namnet Frabjoy and Runcible Spoon.

Gomelsky (tidlegare manager for The Yardbirds) planla å marknadsføre Godley & Creme som ein duo, på liknande vis som Simon & Garfunkel.[11] Planar om eit album av Frabjoy and Runcible Spoon mislukkast, då Marmalade gjekk tom for pengar.[11] Solospor av Godley og Gouldman, begge spelte inn i lag med Stewart og Creme, kom ut på eit samlealbum av Marmalade Records i 1969, 100 Proof. Gouldman-songen var «The Late Mr. Late». Eit år seinare kom songen til Godley, «To Fly Away», ut som «Fly Away» på debutalbumet til Hotlegs, Thinks: School Stinks.

Gouldman hadde blitt kjend som ein hit-låtskrivar og skrive «Heart Full of Soul», «Evil Hearted You» og «For Your Love» for The Yardbirds, «Look Through Any Window» og «Bus Stop» for The Hollies og «No Milk Today», «East West» og «Listen People» for Herman's Hermits.

1965–1968: The MindbendersEndra

Samstundes fekk det fjerde, framtidige medlemmet i 10cc smake på popsuksess: gitaristen Eric Stewart var medlem av Wayne Fontana and the Mindbenders, som gjekk heilt til topps i Storbritannia med «The Game of Love», og fekk fleire andre hittar i midten av 1960-åra. Då Fontana slutta i bandet i oktober 1965, vart gruppa kjend som berre The Mindbenders, med Stewart som solovokalisten deira. Bandet fekk ein hit med «A Groovy Kind of Love» (utgjeven desember 1965) og var med i filmen To Sir, with Love frå 1967 med «It's Getting Harder All the Time» og «Off and Running.»

I mars 1968 vart Gouldman med Stewart i The Mindbenders, der han erstatta bassisten Bob Lang og spelte på nokre konsertar. Gouldman skreiv to av dei tre siste singlane til bandet, «Schoolgirl» (november 1967) og «Uncle Joe the Ice Cream Man» (august 1968). Desse singlane gjekk ikkje inn på lista og The Mindbenders vart oppløyst etter ein kort turné i England i november.[12]

1968–1970: Strawberry Studios og tyggegummitidaEndra

Medan The Mindbenders gjekk mot slutten, byrja Stewart å spele inn demoar med nye songar i Inner City Studios, eit studio i Stockport som då var eigd av Peter Tattersall, ein tidlegare turnémanager for Billy J. Kramer og Dakotas. I juli 1968 gjekk Stewart inn som partner i studioet i lag med Tattersall, der han kunne finpusse kunnskapane sine som lydteknikar.[13] I oktober 1968 vart studioet flytta til større lokale og kalla Strawberry Studios, etter The Beatles-songen «Strawberry Fields Forever».[14]

I 1969 byrja òg Gouldman å bruke Strawberry til å spele inn demoar av songar han hadde skrive for Marmalade. Han hadde vorte meir etterspurt som låtskrivar enn som utøvar. Mot slutten av året gjekk han òg inn som økonomisk partner i studioet.[11]

Innan 1969 arbeidde alle dei fire medlemmane i det originale 10cc ofte saman i Strawberry Studios. Kring same tid, kom dei amerikanske tyggegummipop-låtskrivarane og produsentane Jerry Kasenetz og Jeffry Katz frå Super K Productions til England og tinga Gouldman til å skrive og produsere hyllevare-aktige tyggegummisongar, og mange av dei vart spelte inn i Strawberry Studios, ofte med delar eller alle dei framtidige medlemmane i 10cc.

Blant innspelingane i denne perioden var «Sausalito», som nådde 86. plassen i USA med Ohio Express då han kom ut i juli 1969. Songen er faktisk sungen av Gouldman og dei tre andre framtidige 10cc-medlemmane speler alle instrumenta.

I desember 1969 gjekk Kasenetz og Katz med på eit forslag av Gouldman om at han berre arbeidde i Strawberry, i staden for å stadig flytte mellom Stockport, London og New York. Gouldman overtydde paret om at desse to minuttar lange bruk-og-kast-songane kunne skrivast, framførast og produserast av han sjølv og dei tre kollegaene hans, Stewart, Godley og Creme, for ein brøkdel av prisen det kosta å leige inn studiomusikarar. Kasenetz og Katz hyrte studioet for dei neste tre månadane.

Kevin Godley sa:[15]

Me laga mange songar på særs kort tid - det var verkeleg som ein maskin. Tjue spor på kring to veker - mykje skikkeleg dårleg - berre drit. Me la om stemmene våre, alt - det sparte dei for mykje pengar. Me song til og med kvinneleg korvokal.

Det tre månadar lange prosjektet førte til ei rekkje av songane som vart gjevne ut under forskjellige bandnamn eigde av Kasenetz-Katz, som «There Ain't No Umbopo» av Crazy Elephant, «When He Comes» av Fighter Squadron og «Come on Plane» av Silver Fleet (alle tre med solovokal av Godley), og «Susan's Tuba» av Freddie and the Dreamers (som vart ein enorm hit i Frankrike med solovokal av Freddie Garrity, trass i at somme påstår det er Gouldman).[11]

Lol Creme sa: «Singlane kom stadig ut under rare namn, sjølv om dei var spelte inn av oss. Me hadde inga aning om kor mange det var eller kva som skjedde med alle saman.»

Stewart skildra Kasenetz-Katz-avtalen som eit gjennombrot: «Det tillet oss å få ekstra utstyr og lage eit skikkeleg studio. Til å byrje med var dei berre interesserte i låtskrivinga til Graham og då dei høyrde at han hadde eit studio, tenkte dei det var det mest økonomiske for dei å leige studioet hans og la han arbeide der - men dei enda opp med å spele inn songane til Graham og så somme av Kevin og Lol sine songar, og me arbeidde alle i lag.»[12]

1970–1971: Hotlegs, Doctor Father, The New Wave Band og FestivalEndra

Då den tre månadar lange produksjonsavtalen med Kasenetz-Katz var over, reiste Gouldman attende til New York for å arbeide som fast låtskrivar for Super K Productions og dei andre tre vart verande att og leikte seg i studio.

Då Gouldman var borte, fortsette Godley, Creme og Stewart å spele inn singlar. Den første, «Neanderthal Man», kom ut under namnetHotlegs, og kom til under ein test av trommene på den nye miksepulten til Strawberry Studios,[12] men då han kom ut på singel på Fontana Records i juli 1970 klatra han heilt til andreplassen på den britiske singellista og vart ein hit verda over med meir enn to millionar selde eksemplar. På same tid gav trioen ut «Umbopo» under namnet Doctor Father. Songen, som var ein langsamare, lengre og meir melankolsk versjon av songen tidlegare gjeve ut under namnet Crazy Elephant, gjekk ikkje inn på lista.

Dei gjekk attende til det suksessrike bandnamnet Hotlegs, og tidleg i 1971 spelte Godley, Creme og Stewart inn albumet Thinks: School Stinks, med «Neanderthal Man». Dei henta så heim att Gouldman for ein kort turné som oppvarmingsband for The Moody Blues, før dei gav ut oppfølgjarsingelen «Lady Sadie» med B-sida «The Loser». Philips omarbeidde soloalbumet deira, fjerna «Neanderthal Man» og la til «Today» som dei så gav ut som albumet Song. Stewart, Creme og Godley gav ut ein annan singel i februar 1971 under nok eit anna namn, The New Wave Band, denne gongen med det tidlegare Herman's Hermits-medlemmet Derek «Lek» Leckenby på gitar. Songen, som var ein coverversjon av Paul Simon sin «Cecilia», var ein av få songar som bandet gav ut som dei ikkje skreiv sjølv. Songen gjekk ikkje inn på singellista.[16]

Bandet arbeidde òg utafor Strawberry, med Dave Berry, Wayne Fontana, Peter Cowap og Herman's Hermits, og laga originale komposisjonar for forskjellige britiske fotballag. I 1971 produserte og spelte dei på Space Hymns, eit album av New Age-musikaren Ramases og i 1972–73 produserte dei og spelte på to album av Neil Sedaka, Solitaire og The Tra-La Days Are Over.

Arbeidet på Solitaire, som vart ein suksess for Sedaka, var nok til at bandet byrja å forstå at dei kunne klare seg på eiga hand. Gouldman — som i 1972 var attende i Strawberry Studios — sa: «Det var suksessen til Neil Sedaka som gjorde det, trur eg. Me hadde berre akseptert alle jobbar me fekk tilbod om og vart ganske frustrerte. Me visste me var verdt meir enn det, men me trengde noko som kunne vise oss det. Me sleit med å tenkje på at me hadde gjort ehile det første albumet med Neil for ein fast sum, når me kunne ha arbeidd på våre eigne songar.»[17]}}

Stewart sa avgjersla vart gjort over eit måltid på ein kinarestaurant: «Me spurte oss sjølv om me ikkje burde samle dei kreative talenta våre og prøve å gjere noko med songane som kvar av oss arbeidde med på den tida.»[12]

Som eit firemannsband spelte gruppa inn på ny Hotlegs-songen «Today» med den nye Stewart/Gouldman-songen «Warm Me» og gav han ut på singel under namnet Festival.[18] Singelen gjekk ikkje inn på lista og bandet gjekk vidare med Stewart/Gouldman-songen «Waterfall» tidleg i 1972. Stewart gav acetatplata til Apple Records. Han venta i månader før han fekk ei melding om at songen ikkje var kommersiell nok til å gjevast ut på singel.

1972–1976: Den originale besetningaEndra

Upåverka av avvisinga til Apple valte gruppa å spele inn nok ein song dei hadde skrive som ei mogeleg B-side til «Waterfall», ein Godley/Creme-song kalla «Donna». Songen var ein Frank Zappa-inspirert 50-tals doo-wop-parodi, ein skarp miks av kommersiell pop og ironi med eit refreng sungen i falsett. Stewart sa: «Me visste me hadde noko. Me kjende berre til ein person som var galen nok til å gje det ut, og det var Jonathan King.» Stewart ringde til King, ein fargerik gründer, produsent og plateartist, som køyrde til Strawberry, høyrde på sporet og «lo så han fall ned» og sa: «Det er strålande, det er ein hit.»[12]

King signerte bandet til selskapet sitt, UK Records, i juli 1972 og kalla dei 10cc. I følgje han sjølv, valte King dette namnet etter ein draum der han stod føre Hammersmith Odeon i London med eit skilt der det stod «10cc The Best Band in the World». Eit rykte, som er avvist av King[19] og Godley,[20] men stadfesta i eit intervju i 1988 med Creme,[21] og på nettsida til den noverande besetninga til Gouldmanup,[22] er at bandnamnet representerte mengda sæd som var meir enn det gjennomsnittlege ein mann ejakulerte, og dermed la vekt på potensen eller dugleiken deira.

«Donna» kom ut som den første 10cc-singelen, og vart valt ut av Tony Blackburn, programleiar i BBC Radio 1, som vekas plate, noko som var med å hjelpe songen inn på topp 30 i Storbritannia. Songen nådde til slutt andreplassen i oktober 1972.

Sjølv om den andre singelen deira, ein liknande 50-talsinspirert song kalla «Johnny Don't Do It», ikkje vart ein stor suksess, vart «Rubber Bullets», ein fengande, satirisk variant av «Jailhouse Rock»-konseptet, ein internasjonal hit og vart den første singelen til 10cc som gjekk til topps på den britiske singellista i juni 1973. Dei stadfesta suksessen sin nokre månadar seinare med «The Dean and I», som nådde tiandeplassen i september. Dei gav ut to singlar, «Headline Hustler» (i USA) og den sjølvspottande songen «The Worst Band in the World» (i Storbritannia) og drog ut på ein britisk turné den 26. august 1973, der dei fekk med seg ein andre trommis, Paul Burgess, før dei drog attende i Strawberry Studios i november for å spele inn resten av den andre plata deira, Sheet Music (1974), med mellom andre «The Worst Band in the World» og hittane «The Wall Street Shuffle» (10. plassen i 1974) og «Silly Love» (24. plassen i 1974). Sheet Music vart gjennombrotsalbumet deira og albumet låg seks månader inne på den britiske albumlista og bana veg for ein amerikansk turné i februar 1974.

I februar 1975 annonserte bandet vart dei avsluttar kontrakten med Jonathan King og at dei hadde signert for Mercury Records for 1 million amerikanske dollar.[23] Drivkrafta for avtalen var ein enkelt song - «I'm Not in Love». Stewart sa: «På den tida var me framleis på selskapet til Jonathan King, men sleit. Me eigde ikkje nåla i veggen nokon av oss, og me sleit seriøst, og Philips Phonogram ønskte ein avtale med oss. Dei ønskte å kjøpe kontrakten til Jonathan. Managerne vår Ric Dixon inviterte dei til å lytte til det me hadde gjort. Ein sjef for A & R-avdelinga, Nigel Grainge, kom opp til Strawberry Studio, høyrde albumet og frika ut. Han sa 'Dette er eit meisterverk, det er ein avtale!' Me fekk i stand ein femårsavtale med dei for fem album og dei betalte oss særs mykje pengar. Det var Grainge sin ide å gje ut 'Life is a Minestrone' som den første singelen og halde attende den store for å gje oss meir levetid for albumet.»[24]

I ein dokumentar for BBC Four kalla I'm Not in Love: The Story of 10cc i 2015 forklarte Stewart at bandet tre år inn i femårsavtalen med King berre tente 4% av honorara. Creme gjorde det klart at bandet hadde store planar om å signere for Richard Branson sitt nye Virgin, der utgjevingane deira i USA skulle ut på Atlantic. Stewart og Creme skulle til å dra på ferie med konene sine (Stewart og Creme er svograr gjennom ekteskap), og hadde late manageren Harvey Lisberg akseptere tilbodet til Branson. Ikkje før dei hadde reist frå landet, kom eit betre tilbod frå Phonogram og det vart akseptert av managerane. Creme sa han kjende seg «skrekkeleg, flau og forferda - det gjer eg framleis i dag».[25]

The Original Soundtrack, som alt var klart, kom ut berre nokre veker seinare. Det fekk god kritikk og selde godt med eit plateomslag laga av Hipgnosis og teikna av musikaren og kunstnaren Humphrey Ocean.[26] Det er òg kjend for opningssporet Godley & Creme sin «Une Nuit A Paris (One Night in Paris)», ein åtte minuttar lang «mini-opera» i fleire partar, som er trudd å ha vore inspirasjon for «Bohemian Rhapsody» av Queen.[1]

 
Publikum på 10cc-konsert i Knebworth - 120 000 personar i 1976

Sjølv om han hadde ein usannsynleg tittel (henta frå eit prateshow på radio), vart «Life Is a Minestrone» (1975) nok ein topp 10-hit i Storbritannia og nådde sjuandeplassen. Den største suksessen deira kom med den draumande «I'm Not in Love», som gjekk til topps i Storbritannia i juni 1975. Songen vart òg den første suksessen deira i USA og nådde andreplassen der. Songen vart laga som eit samarbeid, bygd kring ein tittel av Stewart, og er kjend for den nyskapande produksjonen, særskild den rike, overdubba korvokalen. Godley sa: «Om eg skulle plukke ut eit spor frå alt me har gjort, så er «I'm Not in Love» favoritten min. Han har noko som ingen av dei andre songane våre har. Han er ikkje smart på ein medviten måte, men seier alt så enkelt på kring seks minutt.» – NME, februar 1976[27] På denne tida samarbeidde 10cc òg med Justin Hayward på singelen «Blue Guitar», og akkompagnerte og produserte innspelinga.

 
Eric Stewart på scenen i Oslo, april 1976.

Det fjerde albumet til 10cc, How Dare You! (1976), med nok eit plateomslag av Hipgnosis, gav to topp 10-hittar i Storbritannia. Den vittige «Art for Art's Sake» (5. plassen i januar 1976) og «I'm Mandy, Fly Me» (6. plassen i april 1976). Men denne gongen var det ein gong så nære og gode forholdet mellom dei fire medlemmane byrja å slå sprekker, og det vart det siste albumet deira med den originale besetninga.

Suksessen til 10cc gjorde at Hotlegs-albumet vart gjeve ut på ny i 1976 med tittelen You Didn't Like It Because You Didn't Think of It med to ekstra spor. Tittelsporet var den episke B-sida av «Neanderthal Man», ein seksjon som var blitt omarbeidd som «Fresh Air for My Mama» på albumet 10cc.

1976: OppløysingEndra

Kranglinga toppa seg mellom dei to kreative gruppene i bandet under innspelinga av How Dare You, der kvart par forstod kor langt frå kvarandre ideane deira hadde glidd.[28] I byrjinga av innspelinga for det femte albumet oppstod det enno meir krangling, og Godley og Creme valte å slutte i 10c for å arbeide på eit prosjekt som til slutt utvikla seg til den tredoble LP-plata Consequences (1977), eit sprikande konseptalbum med bidrag frå komikaren Peter Cook og jazzvokalisten Sarah Vaughan.

Som den første av ei rekkje album av Godley & Creme, byrja Consequences som ei demonstrasjonsplate for «Gizmotron», ein elektrisk gitareffekt dei hadde funne opp. Apparatet, som vart sett over brua på ein elektrisk gitar, bestod av seks små motordrivne hjul som sat fast i små tastar (fire hjul for elektriske bassar). Når ein tast vart trykt ned, sveipa hjulet over gitarstrengen og skapte notar og akkordar med endelaus sustain. Han vart først nytta under innspelinga av Sheet Music på sporet «Old Wild Men», og apparatet vart designa for å kutte ned på innspelingskostnadane. Ved å nytte det på ein elektrisk gitar med studio effektar, kunne dei effektivt etterlikne strykarar og andre lydar, og på den måten unngå dyre orkesterinnspelingar.

I eit intervju med i 2007 med nettsida ProGGnosis—Progressive Rock & Fusion,[29] forklarte Godley: «Me slutta fordi me ikkje likte det Gouldman og Stewart laga. Me slutta fordi 10cc var blitt trygt og føreseieleg og me kjende oss fanga.»

Men i magasinet Uncut 10 år tidlegare,[30] fortalte han at han var lei seg for at bandet vart oppløyst medan dei sette i gang Consequences-prosjektet: «Me nådd eit viss vegskilje med 10cc og hadde alt brukt tre veker på det som kom til å bli Consequences ... Greiene me kom opp med hadde ikkje ein heim, me kunne ikkje nytte det i 10cc. Og me var avgrensa på scenen med 10cc ... Me kjende oss som kreative folk som burde gje oss sjølv høvet til å vere så kreative som mogelege og å slutte i bandet verka å vere det rette å gjere den gongen. Uheldigvis var ikkje bande demokratisk eller smart nok på den tida til å gje oss fridomen til å gå og gjere dette prosjektet, og me hamna i den uheldige posisjonen der me måtte slutte for å gjere det. Når eg ser attende så var det ein særs nordleg arbeidsmoral i gruppa, alle for ein og ein for alle. Om me hadde vore litt meir frie i tankegangen med tanke på korleis me arbeidde, kunne bandet som ei kreativ eining ha forstått at det kunne ha vore nyttig og ikkje øydeleggjande om to medlemmar brukte tid på utvikling og så bringe attende det dei hadde lært til gruppa. Uheldigvis vart det ikkje slik.

Våre samtidige kollegaer, som Roxy Music tillet dette og dei hadde god nytte av det ... Hadde me fått lov å få det ut av systemet vårt og kome attende, kven veit kva som ville skjedd.»

I eit intervju med BBC Radio Wales[24] gav Stewart si side av oppløysinga: Det var trist å sjå dei gå. Men me krangla mykje på den tida. Eg trudde dei var galne. Dei berre gjekk bort frå noko som var så stort og suksessrikt. Me hadde stor suksess verda over og eg meinte me slo stort gjennom. Den kollektive dynamitten av desse fire personane, fire personar som alle kunne skrive og syngje ein hit song. I eitt band. Ja, eg trur det vart klaustrofobisk, på den måten at du prøvde å gjere ting perfekt og du såg på kvarandre og til slutt kjem du fram til at dette forholdet kanskje er litt for tett for meg no, og eg må bort. Dette fann eg ut mykje seinare fordi eg snakkar framleis med Godley og Creme. Lol er jo svogeren min, så eg treff på han, men ein periode der så snakka me ikkje i lag. Eg sa du er galen som forlet dette bandet. Me var på ei slik stigande kurve, og Graham Gouldman og eg lurte på om me skulle bli 5cc? Skal me skrote namnet heilt? Me tenkte det var best å halde fram.»

Stewart sa det var raskt fordelar utan Godley og Creme. «Det vart klart at ting gjekk mykje glattare og atmosfæren vart meir behageleg enn med Lol og Kevin,» sa han.[28]

Godley & Creme oppnådde å bli ein kult-suksess som låtskrivarar og plateartistar, og fekk fleire hittar med ei rekkje nyskapande plater og singlar. Etter å ha finpussa dugleiken sin i like nyskapande musikkvideoar dei laga for singlane sine (til dømes «Cry» frå 1985) gjekk dei attende til dei biletkunstrøtene sine og vart meir kjende som musikkvideoregissørar i 1980-åra med kritikarroste musikkvideoar for artistar som George HarrisonWhen We Was Fab»), AsiaHeat of the Moment», «Only Time Will Tell») The PoliceEvery Breath You Take»), Duran DuranGirls on Film»), Frankie Goes to HollywoodTwo Tribes»), Peter Gabriel sin duett med Kate BushDon't Give Up») og Herbie HancockRockit»). Dei regisserte òg ein video for Stewart og Gouldman sin «Feel the Love».

1977–1983: Den andre periodenEndra

Etter at Godley og Creme forsvann, valde Stewart og Gouldman å halde fram som 10cc, og arbeidde med trommeslagaren Paul Burgess, som fram til då hadde turnerte med dei. Det første albumet som tremannsband var Deceptive Bends (1977), kalla opp etter eit skilt i Mickleham-svingane langsA24 mellom Leatherhead og Dorking i Surrey. Albumet vart spelt inn i det nye Strawberry South Studio i Dorking i Surrey, og nådde tredjeplassen i Storbritannia og 31. plasseni USA, og gav dei tre nye hitsinglar, «The Things We Do for Love» (6. plass Storbritannia, 5. plass USA), «Good Morning Judge» (5. plass Storbritannia, 69. plass i USA) og «People in Love» (40. plass i USA). Stewart sa seinare at han og Gouldman kjende seg rettferdiggjort av suksessen: «Eg var ute etter å bevise at me kunne skrive eit hitalbum utan Kevin og Lol ... det gjorde me!»[31]

I 1977 la 10cc ut på ein internasjonal turné med gitaristen Rick Fenn, klaverspelaren Tony O'Malley (Kokomo) og ein ekstra trommeslagar i Stuart Tosh (tidlegare Pilot) og spelte inn eit konsertalbum, «Live and Let Live» (1977), der dei blanda hittar med materiale frå dei tre førre albuma.

Fenn, Tosh, Burgess og klaverspelaren Duncan Mackay, som erstatta Tony O'Malley etter turneen, vart no fulltidsmedlemmar i bandet og spelte på Bloody Tourists frå 1978, som gav dei ein internasjonal førstplass med den reggae-songen «Dreadlock Holiday». Både Bloody Tourists og «Dreadlock Holiday» gjorde det særs godt verda over, men dei andre songane som kom ut på singel vart berre mindre hittar og den andre singelen deira i Storbritannia, «Reds in My Bed», med solovokal av Stuart Tosh, gjekk ikkje inn på lista der.

Bandet fekk eit stort tilbakeslag i januar 1979 då Stewart vart alvorleg skadd i ei bilulukke. På grunn av skadane kunne ikkje Stewart arbeide med musikk og 10cc tok ein pause. Dette førte til at turneen i 1979 vart avlyst, medan dei andre medlemmane i bandet arbeidde på soloprosjekt. Stewart sa seinare til BBC:[32] «Eg var fullstendig utkøyrd. Eg øydela det venstre øyra mitt. Auga mitt vart alvorleg skadd. Eg kunne ikkje gå nær musikk. Eg kunne ikkje gå nær noko høglydt og eg elskar musikk og motorsport. Eg måtte halde meg bort frå dette i lang tid, i eit halvt år. Og momentumet me hadde med denne store maskinen me hadde gåande, sakka sakte men sikkert av. Og musikken endra seg med punken som kom stort inn. The Sex Pistols, The Clash, og artistar som det. Så då eg var klar til å spele igjen, trur eg me hadde missa bussen. Han hadde køyrt frå oss. Og alt me gjorde etter det, nokre drypp her og der, og me kunne turnere i evig tid med hittane våre, men det kjendest ikkje rett, me hadde berre ikkje publikum med oss.»

Gouldman rekna òg tida etter ulukka til Stewart som eit vendepunkt. I 1995 sa han til BBC:[33]

Etter 78 gjekk det nedover med oss. Eg veit ikkje kva det var. Me hadde halde på så lenge, så kanskje me burde ta ein pause då, og ikkje i 83, då me faktisk tok ein pause, eller henta inn nye folk eller noko slikt. Og sjølv når ting gjekk nedover, tenkte me 'Ah, det kjem til å gå bra, ikkje tenkt på det, det går bra'.»

Medan Stewart vart frisk att, spelte Gouldman inn tittelsporet for filmen Sunburn med hjelp frå somme av 10cc-medlemmane, og denne vart ein liten hit i Storbritannia i 1979. Gouldman spelte òg inn musikken til animasjonsfilmen Animalympics, som opphavleg var tenkt som eit 10cc-prosjekt. Rick Fenn drog på turné med Mike Oldfield, medan Duncan Mackay spelte på innspelinga av Kate Bush-album Never for Ever.

For å fylle gapet mellom 10cc-utgjevingane, var det gjeve ut eit samlealbum seint i 1979, Greatest Hits 1972–1978, og ein singel med «I'm Not in Love» i lag med «For You and I», som ikkje gjekk inn på lista.

Då Stewart kom attende, spelte han inn filmmusikken til Girls, hovudsakleg i lag med Duncan Mackay og andre 10cc-medlemmar som gjesteartistar.

Bandet fekk kontrakt med Warner Bros. Records og gav ut eit nytt 10cc-album kalla Look Hear?. Den første singelen «One-Two-Five» gjekk ikkje inn på lista i heimlandet, og albumet selde ikkje så godt som tidlegare 10cc-album. Etter turneen for albumet fortsette Eric Stewart, Graham Gouldman og resten av bandet på forskjellige sideprosjekt.

Gouldman og Stewart valte så å halde fram 10cc som ein duo medan dei andre medlemmane vart studio- og turnémusikarar. Bandet gjekk attende til Mercury og gav ut Ten Out of 10 (1981) med Fenn og Burgess på ei rekkje spor. Den britiske utgåva av albumet (og dei tilknytte singlane «Les Nouveaux Riches» og «Don't Turn Me Away») gjekk ikkje inn på salslista.

I eit forsøk på å gje ein amerikansk smak til albumet og styrke den kommersielle appellen, inviterte Warner Bros. songaren og låtskrivaren Andrew Gold til å bidra på ei nordamerikansk utgåve av plata. Gold enda opp som medlåtskrivar og musikar på tre nye spor som kom ut på den nordamerikanske utgåva av Ten Out of 10. Dette førte til slutt til at Gouldman og Stewart tilbaud Gold fast medlemskap i bandet, men han avslo på grunn av andre plikter. Gouldman innrømde seinare at om Gold hadde vore meir med i bandet, kunne det ha blitt løfta opp tidleg i 1980-åra frå det middelmåtige. Han sa: «Me burde anten å ha prøvd å endre retning, som me ikkje gjorde, eller fått nokon andre inn i bandet, som me nesten gjorde. Albuma var ikkje dårlege, det var alltid integritet, og produksjonsverdiar, men når eg ser attende så syns eg dei var noko tamme.»[34]

Trass i endringane som vart gjort på albumet for den nordamerikanske marknaden, gjekk ikkje Ten Out of 10 inn på lista i USA, og heller ingen av singlane frå plata. Singelen «Don't Turn Me Away» vart ein overraskande hit i Canada og nådde 38. plassen der. Ironisk nok var denne songen med på den originale «mindre kommersielle», britiske utgåva av albumet, og var ikkje ein av songane som opphavleg var spesifikt lagt til den nordamerikanske utgåva.

Bandet la ut på 10-årsjubileumsturneen sin tidleg i 1982 med Fenn, Burgess og Tosh i lag med Stewart og Gouldman, og den nye klaverspelaren Vic Emerson frå Sad Café. Dei gav ut «The Power of Love», skriven i lag med Andrew Gold, på singel, men han gjekk ikkje inn på lista. «Run Away» kom ut på singel i juni 1982 og nådde 50. plassen i Storbritannia. «We've Heard it all Before» (oktober 1982) gjekk ikkje inn på lista. Desse tre singlane kom frå den nordamerikanske utgåva av Ten Out of 10 og var ikkje gjevne ut før i Storbritannia.

Stewart gav òg ut eit soloalbum i 1982, Frooty Rooties, med Burgess på trommer og Gouldman og Fenn på eitt spor.

10cc la ut på ein britisk turné i mars 1983 samstundes med singelen «24 Hours». Songen kom ut både på 7"- og 10"-singel, med konsertopptak av «Dreadlock Holiday» og «I'm Not in Love» som B-sider. Han gjekk ikkje inn på lista, og det gjorde heller ikkje ein singel til, «Feel The Love (Oomachasaooma)»/«She Gives Me Pain» som kom ut i juli 1983. «Feel The Love (Oomachasaooma)» vart marknadsført med ein tennisbasert musikkvideo, regissert av dei tidlegare 10cc-medlemmane Godley og Creme, som no var godt inn i karrieren som musikkvideopionerar.

Den neste 10cc-albumet Windows in the Jungle (oktober 1983) vart spelt inn med fleire erfarne studiomusikarar, som trommeslagarane Steve Gadd, men albumet var dominert av Stewart. Gouldman song berre delvis solovokal på ein song. Det nådde 70. plassen på den britiske albumlista. Bandet turnerte i Storbritannia i oktober, med trommeslagaren Jamie Lane i staden for Paul Burgess (som arbeidde med Jethro Tull). Dette kom til å bli den siste turneen deira før dei kom saman att åtte år seinare.

1984–1991: Separate prosjektEndra

Etter 1983 tok bandet ein lengre pause då Stewart produserte innspelingar for Sad Café og Gouldman produserte musikk for Ramones.[35] Stewart fortsette samarbeidet med Paul McCartney. Han hadde alt spelt på Tug of War i 1982 og Pipes of Peace i 1983. I 1984 var han med i videoen for den amerikanske singelen «So Bad» i lag med Ringo Starr og på filmmusikken til Give My Regards to Broad Street. Han var så medlåtskrivar på mykje av albumet Press to Play (1986), men var kritisk produksjonen på albumet.[36] Han produserte òg albumet Eyes of a Woman (1985) av Agnetha Fältskog frå ABBA.

Gouldman slo seg saman med Andrew Gold og skipa duoen Common Knowledge, som etter to mislykka singlar endra namnet sitt til Wax. Av albuma til duoen finn ein Magnetic Heaven (1986), American English (1987) og A Hundred Thousand in Fresh Notes (1989). Duoen fekk noko suksess med mellom anna ein førsteplass på den spanske singellista og den einaste britiske hitten deira, «Bridge to Your Heart» (1987), som nådde 12. plassen.[37] Gouldman sette òg saman og produserte den veldedige singelen «You'll Never Walk Alone» av The Crowd til støtte for stadionbrannen i Bradford City. Han kom ut i 1985 og nådde toppen av den britiske singellista.

Samlealbumet Changing Faces – The Very Best of 10cc and Godley & Creme kom ut i 1987 og gav bandet det første hitalbumet deira sidan 1978.

Ein CD-boks med fire plater, Greatest Songs and More, kom ut i Japan i 1991, der mange av B-sidene deira kom ut på CD for første gongen.

1991–1995: 10cc sameintEndra

I 1991 kom dei fire originale medlemmane saman att og spelte inn ...Meanwhile (1992), eit album produsert av Gary Katz, kjend som produsent for Steely Dan. Katz vart føreslått av plateselskapet Polydor, som ønskte at 10cc skulle få ein ny suksess i Amerika, og fordi dei hadde ein Steely Dan-liknande stil i 1970-åra. Men albumet var ikkje strengt tatt ei «sameining». Alle songane på albumet var skrivne av Stewart og Gouldman (med unntak av eitt spor skriven av Stewart og Paul McCartney seint i 1980-åra med noko ekstra materiale frå Gouldman). Creme og Godley var med som gjester på albumet for å fullføre forpliktinga si for Polydor. Begge skulda Polydor eit album då dei gav seg seint i 1980-åra. Godley og Creme song korvokal på fleire spor på albumet. Godley song òg solo på ein song, «The Stars Didn't Show». Plateselskapet marknadsførte det derimot som ei sameining og gjorde det dei kunne for at det skulle verke så genuint som mogeleg, men det hadde liten effekt på salstala.

...Meanwhile gav ingen større hittar, men selde relativt godt i Japan og i Europa. Studiomusikaren Jeff Porcaro frå Toto spelte trommer, Freddie Washington bass, Michael Landau solo- og rytmegitar, og Bashiri Johnson perkusjon på albumet. Andre som deltok på albumet var Dr. John (Mac Rebennack) på piano, David Paich (òg frå Toto) på klaverinstrument, Andrew Gold på gitar og mange andre. ...Meanwhile skal ha vore den siste innspelinga til Porcaro før han døydde av eit hjarteinfarkt. Dr. John vart tilrådd av produsenten Gary Katz og invitert med på innspelingane.

Gouldman sa i eit intervju i 1995:[33] «Då me endeleg kom saman att for å spele igjen, var det basert på ei marknadsundersøking plateselskapet vårt hadde gjort, som sa at eit nytt 10cc-album kom til å gjere det verkeleg, verkeleg godt. Men historia beviste at det var feil.» Likevel såg både Stewart og Gouldman positivt på albumet. «Me skreiv 22 songar i løpet av tre månadar. Kvar dag kom me opp med nye idear, og dei vart betre og betre, etter vår meining. Og dei høyrdest ut som 10cc-songar igjen.»

Albumet vart følgd av ein turné i 1993, med dei tidlegare medlemmane Rick Fenn og Stuart Tosh i lag med dei nye Steve Piggot (klaverinstrument, synthesiser) og Gary Wallis (trommer, perkusjon). Opptak frå denne turneen kom ut på konsertalbumet og DVD-en Alive.

I 1995 gav bandet ut Mirror Mirror, produsert av Gouldman, Stewart og Adrian Lee frå Mike + The Mechanics, og utan Godley og Creme. Trass i at Gouldman i starten var i mot det,[38] kom Mirror Mirror ut med ein akustisk versjon av «I'm Not in Love», som nådde 29. plassen på den britiske singellista. Albumet gjorde det derimot ikkje særskild bra. Gouldman har skildra Mirror Mirror som «nesten som to halvdelar av eit album», hovudsakleg fordi han og Stewart hadde spelt inn sine partar i forskjellige land. «Eg vil ikkje sei at me førte folk bak lyset, men du kan sei at det ikkje er heilt kva det utgjer seg for å vere, og alle med eit visst vet, som les plateheftet, kan sjå det» sa han til magasinet Goldmine.[38] Måten dei spelte inn albumet på synte at forholdet mellom Stewart og Gouldman var blitt dårlegare: utanom «I'm Not in Love», spelte ikkje Stewart på nokre av spora Gouldman spelte eller song på, medan Gouldman ikkje var med på nokre av Stewart sine spor.

Våren 1995 turnerte bandet i Europa og Japan med ei besetning som bestod av Stewart, Gouldman, Fenn, Tosh, Alan Park (klaverinstrument, synthesiser) og Geoff Dunn (trommer, perkusjon).

Stewart slutta i bandet etter denne turneen og har sidan sagt:[39] «10cc er heilt ferdig i mine auge.» Stewart og Creme har halde kontakten sidan dei er gift med to systrer, men ingen er på talefot med dei tidlegare låtskrivarpartnarane sine.[40]

Sidan 1999: Turnebandet 10cc, GG/06Endra

 
10cc i 2010, på det svenske TV-showet Bingolotto.

I 1999 sette Gouldman saman ei 10cc-besetning som bestod av han sjølv, Fenn, Paul Burgess og dei nye Mick Wilson (vokal, gitar) og Mike Stevens (vokal, klaverinstrument, saksofon, gitar). Denne versjonen spelte den første konserten sin på Ronnie Scott's Jazz Club i Birmingham og byrja så å turnere fast i 2002. Eit nytt medlem, Keith Hayman (klaverinstrument), byta med Mike Stevens i 2006 og var med bandet fram til 2011.

Bandet gav ut eit konsertalbum og DVD kalla Clever Clogs i 2008.[41]

I høve 40-årsjubileet til bandet, spelte 10cc ein konsert i Royal Albert Hall den 10. mai 2012. Universal Music gav ut to plateboksar i denne samanhengen. Den første heitte Tenology, og bestod av fire CD-plater og ein DVD.[42] Den andre heitte Classic Album Selection med albuma frå The Original Soundtrack til Live and Let Live i lag med bonusspor.[43]

I desember 2015 sende BBC Four ein times lang dokumentar kalla I'm Not in Love: The Story of 10cc.[25]

I juli 2017 kom ein plateboks kalla Before, During and After: The Story of 10cc. Denne var på fire plater og bestod av 10cc-songar og innspelingar frå seint i 1960- og tidleg i 1970-åra som bandet spelte inn under ymse namn.

I 2018 vart konsertbesetninga til 10cc endra med Iain Hornal som erstattar for Wilson på vokal.[44]

MedverkandeEndra

MedlemmarEndra

Noverande medlemmar
  • Graham Gouldman – bassgitar, solo- og korvokal, rytmegitar (1972–1983, 1991–1995, sidan 1999)
  • Paul Burgess – trommer, perkusjon, korvokal (turnémedlem 1973–1976, 1976–1983, sidan 1999)
  • Rick Fenn – solo- og rytmegitar, backing and solovokal, bass, klaverinstrument (1977–1983, 1993–1995, sidan 1999)
  • Keith Hayman – klaverinstrument, bassgitar, gitar, korvokal (2006–2011, sidan 2016)
  • Iain Hornal – solo- og korvokal, rytmegitar, perkusjon, klaverinstrument (sidan 2018; erstattar 2014–2018)

Tidlegare medlemmar
  • Eric Stewart – gitar, klaverinstrument, vokal (1972–1983, 1991–1995)
  • Lol Creme – gitar, klaverinstrument, vokal (1972–1976, 1991–1992)
  • Kevin Godley – trommer, vokal (1972–1976, 1991–1992)
  • Stuart Tosh – trommer, vokal (1977–1983, 1992–1995)
  • Tony O'Malley – klaverinstrument, vokal (1977–1978)
  • Duncan Mackay – klaverinstrument, vokal (1978–1981)
  • Vic Emerson – klaverinstrument (1981–1983, død 2018)[45]
  • Steve Piggot – klaverinstrument (1992–1995)
  • Gary Wallis – trommer (1992–1995)
  • Mick Wilson – vokal, gitar, perkusjon (1999–2017)
  • Mike Stevens - klaverinstrument, korvokal (1999–2006, 2011–2016)
Turnémedlemmar
  • Jamie Lane – trommer (1983)
  • Geoff Dunn – trommer (1995)
  • Alan Park – klaverinstrument (1995)

TidslinjeEndra

DiskografiEndra

For meir om dette emnet, sjå diskografien til 10cc.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «The Quietus - Reviews - 10cc». The Quietus. Henta 9. august 2020. 
  2. Stannard, Joseph (13. oktober 2010). «Are You Normal? 10cc's Graham Gouldman Interviewed». The Quietus. 
  3. Breithaupt, Don; Breithaupt, Jeff (2000), Night Moves: Pop Music in the Late '70s, St. Martin's Press, s. 71, ISBN 978-0-312-19821-3 
  4. «Not in Hall of Fame - 466. 10cc». notinhalloffame.com. Henta 9. august 2020. 
  5. «50 connect.co.uk - The leading website for the over 50's». 50connect.co.uk. Arkivert frå originalen 17. oktober 2007. Henta 9. august 2020. 
  6. Lester, Paul «Heirs to The Beatles: The story of 10cc». The Jewish Chronicle
  7. «Complete Mockingbirds discography at 10cc fan club website». Tencc.fan-site.net. Henta 10. august 2010. 
  8. Egan, Shaun (2004), The Guys Who Wrote 'em: Songwriting Geniuses of Rock and Pop, Askill Publishing, ISBN 978-0-9545750-1-4, Graham Gouldman.
  9. «See». Tencc.fan-site.net. Henta 9. august 2020. 
  10. «10cc : A Pure Injection of Pop, chapter 4, by Dave Thompson,». Gullmine magazine, 11. april 1997. The10ccfanclub.com. Arkivert frå originalen 3. august 2010. Henta 10. august 2010. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Notat i plateomslaget til Strawberry Bubblegum, skriven av David Wells, juni 2003
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 George Tremlett (1976). The 10cc Story. Futura. ISBN 978-0-86007-378-9. 
  13. Eric Stewart comment on his website Arkivert 7. desember 2008 ved Wayback Machine.
  14. Eric Stewart comment on his website Arkivert 7. desember 2008 ved Wayback Machine.
  15. ««Zigzag» magazine, January 1975». Minestrone.org. Arkivert frå originalen 28. august 2008. Henta 10. august 2010. 
  16. «Manchester Beat» website Arkivert 15. januar 2009 ved Wayback Machine.
  17. «Graham Gouldman interview». Record Collector. 1984. Arkivert frå originalen 25. juni 2008. Henta 27. desember 2019. 
  18. «Festival». discogs.com. Henta 9. august 2020. 
  19. «Snopes.com, «10cc»». Snopes.com. Henta 10. august 2010. 
  20. «Interview with Kevin Godley, Rock N Roll Universe online interview, April 2007». Rocknrolluniverse.com. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 10. august 2010. 
  21. «Godley & Creme interviewed in Pulse magazine, April 1988». Minestrone.org. Arkivert frå originalen 20. november 2008. Henta 10. august 2010. 
  22. «Biography section of 10ccworld». 10cc.world. Henta 10. august 2010. [daud lenkje]Mal:Cbignore
  23. Dave Thompson (2002). The Music Lover's Guide to Record Collecting. Backbeat Books. s. 465. ISBN 978-1-61713-202-5. 
  24. 24,0 24,1 «Eric Stewart interview, Radio Wales, «I Write the Songs»». The10ccfanclub.com. Henta 10. august 2010. 
  25. 25,0 25,1 «I'm Not in Love: The Story of 10cc - BBC Four». bbc.co.uk. Henta 11. august 2020. 
  26. «Humphrey Ocean biography at Royal Academy website». Royalacademy.org.uk. 22. juni 1951. Henta 10. august 2010. 
  27. Tobler, John (1992), NME Rock 'N' Roll Years (1 utg.), London: Reed International Books Ltd, s. 285, CN 5585 
  28. 28,0 28,1 Pop Scene – Australia's International Pop Magazine, issue No 2, Gordon and Gotch, 1977.
  29. ProgGnosis website interview with Kevin Godley, 23. juni 2007 Arkivert 17. oktober 2007 ved Wayback Machine.
  30. «Kevin Godley interview, «Uncut», 1997». Othermachines.org. 15. desember 1997. Arkivert frå originalen 20. august 2008. Henta 10. august 2010. 
  31. Stewart, Eric. «Questions and Answers». ericstewart.uk.com. Arkivert frå originalen 2006-05-25. 
  32. «Stewart's BBC Radio Wales interview». The10ccfanclub.com. Henta 10. august 2010. 
  33. 33,0 33,1 «Graham Gouldman interviewed by Justin Hayward, BBC2, 1995». Minestrone.org. Arkivert frå originalen 12. mars 2007. Henta 10. august 2010. 
  34. Dave Thompson (11. april 1997). «10cc : A Pure Injection of Pop, chapter 10,». Goldmine magazine. The10ccfanclub.com. Arkivert frå originalen 3. august 2010. Henta 10. august 2010. 
  35. The Ramones nemnde 10cc på den Gouldman-produserte songen «It's Not My Place (in the 9 to 5 World)» frå Pleasant Dreams.
  36. «Eric Stewart on 10cc, Paul McCartney and his new two-disc Anthology». Super Deluxe Edition. 3. desember 2018. Henta 11. august 2020. 
  37. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 593. ISBN 1-904994-10-5. 
  38. 38,0 38,1 «10cc: A Pure Injection Of Pop by Dave Thompson, Goldmine magazine, 11 April 1997». The10ccfanclub.com. 11. april 1997. Arkivert frå originalen 1. august 2010. Henta 10. august 2010. 
  39. Reply to question by Eric Stewart at his website Arkivert 7. desember 2008 ved Wayback Machine.
  40. Lester,Paul (2012). «10cc: It Was A Tragedy We Didn't Stay Together». The Guardian
  41. «The Official 10cc Fan Club/Latest News». The10ccfanclub.com. Henta 10. august 2010. 
  42. «Comments on Eric Stewart website, June 2012». Ericstewart.uk.com. Arkivert frå originalen 22. februar 2001. Henta 9. august 2020. 
  43. «10cc / Classic Album Selection box». superdeluxeedition.com. Henta 11. august 2020. 
  44. «Ian Hornal Biography». 10cc.world. Henta 11. august 2020. 
  45. Mowbray, Guy (8. november 2018). «Vic Emerson obituary» – via www.theguardian.com. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: 10cc