Prinsipal (ofte skrive principal eller prinzipal) er det grunnleggjande registeret i eit pipeorgel. Pipene er opne, av metall (sylinderforma) eller tre (rektangelforma). Prinsipalregister finst i alle tonehøgder frå 32' til 1'. Andre vanlege namn er montre (fransk), prestant (nederlandsk), open diapason (engelsk) og flautado (spansk).

Endå det finst småe orgelpositiv utan prinsipal, er prinsipallause pipeorgel særs sjeldsynte. I kyrkjeorgel er det prinsipalklang som ber salmesongen, og ofte dannar fleire prinsipalar i eit verk med ulik tonehøgd eit prinsipalkor. Denne klangen er unik for pipeorgelet, og mange reknar han for sjølve «orgelklangen». I eit prinsipalkor vert vanleg berre det djupaste registeret kalla prinsipal, medan dei andre prinsipalane får namn som oktav, kvint (i 5–1/3'- og 2–2/3'-lægje) og superoktav (i 2'-lægje). I klassisk verkoppbygging er prinsipalkor toppa med ein eller fleire miksturar.

Verkprinsippet, ei av hovudrettesnorene i nyklassisk orgelbygging, går ut på at kvart verk har eit prinsipalkor, og at prinsipalkora har ulikt grunnlag. Er det i eit mellomstort orgel tre verk – pedalverk, hovudverk og oververk – vil gjerne pedalverket ha eit prinsipalkor frå 16' og oppover, hovudverket frå 8' og oververket frå 4'. Djupare tonar, til dømes 8'-tone i oververket, vil då koma frå fløyte- eller tungestemmer.

Bakgrunnsstoff endre