Eit pipeorgel er eit tangentinstrument med piper. Pipene kan vera laga anten av tre eller metall, og luft vert pressa gjennom dei for å laga ljod. Pipeorgelet er best kjent frå kyrkjemusikken, men ein finn det òg i nokre synagoger, i konsertsalar, kinoar og private heimar. Ein orgelspelar vert ofte kalla organist eller (i den norske kyrkja) kantor.

Orgelet i Roskilde domkyrkje i Danmark.

Teknisk utgreiing endre

Orgelpipene endre

Pipene er laga av tre eller ei legering av bly og tinn. Høgare tinninnhald gjev meir overtonar og ein lysare klang. Stundom vert òg sink nytta, mest i dei lange basspipene.

 
Orgelet i Bälinge kyrka, Sverige

Pipene er ordna i stemmer (eller register), som kan koplast inn og ut med registertrekk. Orgelstemmene er anten leppestemmer, som ei blokkfløyte, eller tungestemmer, som ein fagott. Toneleiet vert skrive i fot, der 8' er vanleg tonehøgd, 16' kling éin oktav lågare, og 4' éin oktav høgare enn notert. Stemmer som styrker overtonerekkja (t.d. kvint- og tersstemmer) vert kalla mutasjonar. Dette systemet vert nytta av di den lengste pipa i ei open 8'-stemme er om lag 8 fot lang.

  • 64' Tre oktavar lågare enn notert
  • 32' To oktavar lågare
  • 16' Ein oktav lågare
  • 8' Vanleg tonehøgd
  • 5 1/3' Ein kvint høgare
  • 4' Ein oktav høgare
  • 2 2/3' Ein oktav og ein kvint høgare
  • 2' To oktavar høgare
  • 1 1/3' To oktavar og ein ters høgare
  • 1' Tre oktavar høgare

Orgelstemmene endre

Orgelstemmene kan vera etterlikningar av orkesterinstrument, eller tilpassa særskilt for orgelet. Etterlikningane høver som regel best som solostemmer, og har ofte «orkester» i namnet.

Nokre stemmer har fleire piper for kvar tone, det vil seia fleirkorige. Desse får oftast eit romartal etter seg, som til dømes Mikstur IV eller Sesquialtera II. Den fyrste har fire piper for kvar tone, den andre to.

Leppestemmer endre

Leppestemmene har anten opne, halvvegs dekte, eller heilt dekte piper. Tonen frå ei dekt pipe er om lag éin oktav lågare enn frå ei jamlang ope pipe. Det finst òg sokalla overblåsande fløyter, som lagar ein tone om lag éin oktav høgare. Breidda på pipa (mensuren) er avgjerande for tonen. Ein breid mensur gjev ein fyldig, grunntonerik klang (prinsipaltone), medan ein smal mensur gjev ein tynn, overtonerik klang (strykartone).

  • Prinsipal (Oktav): Opne piper, av metall eller tre. Har ein fyldig klang med mykje grunntone, og dannar grunnlaget for resten av orgelet. Dei fleste orgel har minst éin serie prinsipalstemmer (t.d. Prinsipal 8', Oktav 4', Oktav 2').
  • Mikstur: Korte metallpiper, av middels eller smal mensur. Fleirkorig, frå to til åtte kor. Ein god mikstur gjev både brillians og tydeleggjer polyfoni.
  • Celeste: Eit stemmepar, der den eine stemma er stemd litt for høgt, noko som gjev ein svevande klang. Anten strykestemme eller fløytestemme.
Fløytestemmer endre
  • Gedakt: Dekte piper, vanlegvis av tre. Den vanlegaste fløytestemma.
  • Røyrfløyte: Halvvegs dekte piper, av metall eller tre.
  • Harmonisk fløyte: Overblåsande fløyte. Kraftig, gjennomtrengjande klang.
Strykestemmer endre
  • Gambe: Opne metallpiper. Vanlegvis ikkje etterlikning av orkestergamben, men ein allsidig stemme.

Tungestemmer endre

  • Trompet: Den vanlegaste tungestemma. I 16'- og 32'-leie basun.
  • Obo: Svakare enn trompet. I 16'- og 32'-leie fagott.
Regalstemmer endre
  • Krummhorn: Om lag same tonen som i eit vanleg krummhorn.
  • Vox humana: Namnet tyder «menneskerøyst», men tonen er heilt unik for orgelet.

Verk endre

 
Hovudspelepulten åt 152-stemmersorgelet i Holy Trinity Lutheran, Buffalo, New York, bygt av Kegg Organ Company

Stemmene er ordna i verk. Dei vanlegaste verka vert kalla hovudverk, svellverk og pedalverk. Hovudverket er grunnlaget for resten av orgelet, med dei bærande prinsipalstemmane. Svellverket står i ein kasse med veggar som kan opnast og lukkast av organisten, noko som gjer det mogleg å variera ljodstyrken. Andre verk ein kan finna i eit orgel er oververk, brystverk, ryggpositiv og fjernverk.

Kvart verk er oftast bunde til eit manual (tangentrekkje), unnateke pedalverket som er bunde til eit sett fotpedalar. Det vanlege manualomfanget i Noreg er C-g3, i USA C-c4, medan fotpedalane går frå C-f1 eller g1.

Manual, pedal og registertrekk er bygde inn i ein spelepult. Spelepulten kan vera kopla til orgelet med mekanikk, elektrisitet, lufttrykk (pneumatikk) eller med ei sambinding av elektrisitet og lufttrykk (elektropneumatikk).

Historie endre

Antikken endre

Me veit ikkje sikkert kven som bygde det fyrste pipeorgelet, men Ktesibios, ein gresk ingeniør som arbeidde i Alexandria200-talet fvt., vert ofte gjeven æra for dette. Instrumentet Ktesibios (latin: Ctesibius) laga var eit hydraulis, eller vassorgel, der pipene fekk luft frå ei hydraulisk pumpe. Vassorgelet vart omtykt i Romarriket, både som soloinstrument og som bakgrunnsmusikk til idrettsleikar. Om lag hundre år seinare vart hydraulikken bytt ut med blåsebelgar, som enno i dag er den vanlege luftkjelda i eit pipeorgel.

Etter delinga av Romarriket rundt år 476 blømde orgeltradisjonen vidare i den austlege delen, der Bysants var hovudstad, medan han etter kvart forsvann i den vestlege delen, der Roma var hovudstad. Orgelet kom truleg ikkje attende til Vest-Europa før på 700-talet (Pipin den yngre fekk eit orgel frå Bysants i 757), og vart etter kvart eit viktig kulturinstrument att.

Mellomalderen endre

Barokken endre

Engelsk barokk endre

Fransk barokk endre

Italiensk barokk endre

Spansk barokk endre

Tysk barokk endre

Klassisismen endre

Romantikken endre

Amerikansk romantikk endre

Engelsk romantikk endre

Fransk romantikk endre

Tysk romantikk endre

Orgelrørsla endre

Stoda i dag endre

Vidgjetne orgelbyggjarar endre

Vidgjetne orgelkomponistar endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Audsley, G.A. The art of organ building, Bind 1, Dodd, Mead, and Company, 1905. (Nyutgjeven av Dover Publ., 1965)
  • Audsley, G.A. The art of organ building, Bind 2, Dodd, Mead, and Company, 1905. (Nyutgjeven av Dover Publ., 1965)