Pro bono publico, vanlegvis forkorta til pro bono, er eit latinsk uttrykk som betyr «for det offentlege gode». Uttrykket blir brukt om arbeid som blir utført friviljug og ubetalt som ei teneste til det samfunnet. Pro bono-arbeid inneber at fagfolk stiller opp med sine tenester til folk som ikkje normalt har råd til dei. Det er særleg vanleg i den juridiske profesjonen at advokatar vil påta seg å representere eller gje råd til personar som blir sett på som trengande eller i saker som advokaten oppfattar som viktige. Eit advokatfirma vil ofte utføre ei viss mengde pro bono-arbeid.

Bakgrunnsstoff

endre