Profan (av latin profanus, uinnvigd, uheilag) er ein motsats til heilag, sakral, det vil seia noko verdsleg, utan religiøs eller kyrkjeleg tilknyting.[1] Profan var opphavleg land som låg utanfor eit tempelområde (pro, 'utanfor' og fanus, 'heilagdom'). Å profanera er å vanheilaga.

'Allegori over religiøse og profane måleri' av Hans Makart i Kunsthistorisches Museum i Wien.

Profan musikk (engelsk secular music) er det motsette av kyrkjeleg eller sakral musikk.

Innan arkitektur er ein profan bygning ein bygning som ikkje er sakral, som kyrkje, tempel eller moské.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Svenska Akademiens ordbok: Profan