Opna hovudmenyen
Inne i Nasirolmolk-moskeen i Shiraz i Iran.
Inne i den ortodokse kyrkja av den heilage anden i Vilnius i Litauen.

Sakralbygg er byggverk med religiøse føremål, som samlingsstader for bøn, gudsteneste, meditasjon, offerhandlingar og anna. Ulike religionar har utvikla sine typar sakralbygg, som kristne kyrkjer, muslimske moskear, hindutempel, buddhistiske stupaer og jødiske synagogar. Utforminga deira er bestemt både av bruk, tradisjon og symbolikk. Medan nokre sakralbygg er blant dei mest storslåtte og varige laga av menneskja, kan dei også vera flyktige, intime og private stader for personleg bruk.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Sakralbygg