Programmerbare logiske styringar (PLSar) er digitale styreeiningar, små datamaskinar som vert brukte i industrien til å automatisera oppgåver innan produksjon, drift og vedlikehald. PLSar er utstyrte med mange inn- og utgangar. Ein PLS må vera robust nok til å fungera i eit industrimiljø og lett å kopla opp. I/O-terminalane er difor ofte grovt dimensjonerte. Kjernen i ein PLS er som oftast ein mikrokontroller.

Dei fyrste PLSane kunne gjera om lag dei same oppgåvene som nokre få relé, medan ein moderne PLS kan erstatta hundrevis eller tusenvis av relé, og sparar difor mykje plass og kostnadar. Det arbeider dessutan fleire tusen gongar snøggre enn relestyringar.

Inngangane til ein PLS vert kopla direkte til ein eller annan type gjevar, brytar e.l. Utgangen vert kopla til eit pådragsorgan eller ein aktuator av eitt eller anna slag. Alle hjelpesignal, teljarar, forriglingar osb. er digitale signal inni PLSen. Inngangane og utgangane til PLSen kan vera både digitale og analoge signal.

Litteratur endre