Providence Cove
Providence Cove er ei vik som grensar til isveggane som ligg ved foten av Remusbreen i sørausthjørnet av Nenyfjorden, langs vestkysten av Graham Land. Ho vart først grovt kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Ho vart kartlagd på ny i 1940-41 av medlemmar frå U.S. Antarctic Service (USAS), og ho fekk dette namnet av dei fordi det såg ut til å vere lagnaden som gjorde at dei fann ein stad for East Base så lett og raskt. Providence er eit engelsk ord for «lagnad» eller «forsyn». Ein fann derimot etter kvart ut at basen likevel ikkje høvde seg som base.
Providence Cove | |||
vik | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 68°19′S 66°47′W / 68.317°S 66.783°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Providence Cove 68°19′00″S 66°47′00″W / 68.3167°S 66.7833°W | |||
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Providence Cove» (innhald frå Geographic Names Information System).