Provinsen Ascoli Piceno
Nasjon | ![]() |
Region | Marche |
Hovudstad | Ascoli Piceno |
Areal | 2 087 km² |
Folketal (2001) | 369 579 |
Folketettleik | 177/km² |
Kommunar | 73 |
Bilnummer | AP |
Postnummer | 63100, 630xx |
Retningsnummer (tlf) | 0736, 0735 |
President | Massimo Rossi |
![]() | |
Plasseringa til Ascoli Piceno i Italia |
Provinsen Ascoli Piceno (italiensk Provincia di Ascoli Piceno) er ein provins i regionen Marche i Italia. Hovudstaden er byen Ascoli Piceno. Han har eit areal på 2 087 km² og totalt 369 579 innbyggjarar (2001). Det er 73 kommunar i provinsen.
Den planlagde nye provinsen Fermo kjem til å verte danna frå delar av provinsen Ascoli Piceno. Den nye provinsen med hovudstad i Fermo vil verte 860 km² stor og bestå av 40 kommunar. Dette området hadde i 2001 eit folketal på 166 218 innbyggjarar. Dermed vil provinsen Ascoli Piceno stå att med 33 kommunar og like over 200 000 innbyggjarar.

Største kommunane (2010) endre
Kommune | Ibuarar |
---|---|
Ascoli Piceno | 51 140 |
San Benedetto del Tronto | 48 049 |
Grottammare | 15 573 |
Monteprandone | 12 149 |
Bakgrunnsstoff endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Ascoli Piceno frå Engelsk Wikipedia .