Provinsen Como
Fil:Provincia di Como-Stemma.png
Nasjon Italia
Region Lombardia
Hovudstad Como
Areal 1 288 km²
Folketal (2004) 507 500
Folketettleik 394/km²
Kommunar 162
Bilnummer CO
Postnummer 22100
Retningsnummer (tlf) 031 0344 02 0331
President Leonardo
Plasseringa til Como i Italia


Provinsen Como (italiensk Provincia di Como) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Como. Han har eit areal på 1 288 km² og totalt 507 500 innbyggjarar (2004). Det er 162 kommunar i provinsen.

Han grensar til kantonane Ticino og Graubünden i Sveits i nord, dei italienske provinsane Sondrio og Lecco i aust, provinsen Milano i sør og provinsen Varese i vest.

Andre store byar er Cantù, Erba, Mariano Comense og Olgiate Comasco. Campione d'Italia er òg ein del av provinsen og er ein enklave i Ticino i Sveits.

I 2005 er dei største kommunane i provinsen Como:

Kommune Innbyggjarar
Como 83 144
Cantù 36 742
Mariano Comense 21 844
Erba 16 874
Olgiate Comasco 10 893
Lurate Caccivio 10 052
Cermenate 8 772
Fino Mornasco 8 748
Turate 8 389
Lomazzo 8 329
Inverigo 8 280
Mozzate 7 494
Appiano Gentile 7 236
Cabiate 7 100
Cernobbio 7 036

Dei bergamaskiske Alpane og nokre åsar dekkjer heile provinsen. Her ligg òg Comosjøen og byen Como er kjend som fødestaden til Alessandro Volta, oppfinnaren av batteriet i 1800.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre