Cotopaxiprovinsen
Cotopaxi (spansk uttale: [kotoˈpaksi]) er ein provins som ligg i Andesfjella i La Sierra-regionen, høglandet i Ecuador. Han grensar mot Pichincha i nord, Napo i aust, mot Bolívar og Tungurahua i sør, Los Ríos og Santo Domingo de los Tsáchilas i vest.
Cotopaxi | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Latacunga | ||
Areal | 6 108,23 km² | ||
Folketal | 470 210 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Cotopaxiprovinsen 0°50′00″S 78°51′00″W / 0.83333333333333°S 78.85°W | |||
Kart som viser Cotopaxiprovinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Cotopaxi Province |
Hovudstaden er Latacunga. Provinsen er delt inn i 7 kantonar, den mest folkerike kantonen er Latacungakantonen med over 200 000 innbyggjarar.
I nordaust, på grensa mot Pichincha, reiser vulkanen Cotopaxi seg til ei høgd på 5897 meter over havet. Provinsen er prega av páramo-økosystemet. Dette dominerer også landskapet rundt Laguna de Quilotoa, ein kratersjø i den utdøydde vulkanen med same namn, som ligg i sentrum av provinsen. Vulkanen Illiniza ligg også delvis i Cotopaxiprovinsen.
Hovudstaden Latacunga, som ligg på 2850 meters høgd og er utforma etter kolonialt mønster, var allereie før den spanske erobringa eit underliggjande senter mellom Quito, Tomebamba (Cuenca) og det noverande Peru. Trass i gjentekne alvorlege øydeleggingar som følgje av utbrot frå Cotopaxi, har byen bevart delar av sitt koloniale preg og har fleire representative bygningar frå republikken på 1800-talet, inkludert rådhuset og katedralen. I nærleiken av Latacunga ligg det tidlegare klosteret Tilipulo, som vart grunnlagt av jesuittar på 1700-talet. Klosteret spelte ei stor rolle som planleggingssentrum under frigjeringskrigen.
Provinsen Cotopaxi er også kjend for «Mama Negra»-feiringane, der jordas fruktbarheit blir feira.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Provinz Cotopaxi» frå Wikipedia på tysk, den 29. september 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.