Provinsen Maine
- For den tidlegare franske provinsen, sjå Maine i Frankrike.
Provinsen Maine syner til fleire engelske koloniar med same namn på 1600-talet langs nordaustkysten av Nord-Amerika. Til tider utgjorde det delar av dagens Maine, New Hampshire og Vermont, samt dei kanadiske provinsane Quebec og New Brunswick. Provinsen eksisterte gjennom ei rekkje landpatent, mellom anna som New Somersetshire. Den endelege inkarnasjonen av Provinsen Maine, utgjorde vestlege delar av dagens Maine, og vart innlemma i Massachusetts Bay Colony i 1650-åra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Province of Maine» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2012.